Radiograf
Helse Bergen<br>- Hjerteavdelingen / Hjerteintervensjon
- Frist 22.9.2010
Radiograf
Hjerteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla.
Hjerteavdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande områder; ikkje-invasiv-diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvåkning, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Utviklinga innan behandlingsmetodar er fremtredande og forskningsaktiviteten er høg.
Hjerteavdelinga har 2 store sengepostar, ei intensiv- og overvåningseining samt eining for hjarteintervensjon.
Stillinga er ledig ved Hjerteintervensjon som inneheld: Laboratorium for hjertekaterisering/ PCI, elektrofysiologi, pacemakerinnlegingar, generell poliklinikk og ei dagstova, samt kontortenester.
Stillinga vil i hovudsak være knytta opp mot CT-hjarte, som er ei verksemd under oppbyggjing.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga vil være knytt til å utføre CT undersøkingar av hjartet.
Kvalifikasjonar
- Minimun 2 års klinisk erfaring frå sjukehus
- Bør ha arbeida med hjartepasientar og ha erfaring med CT undersøkingar og avbildningsteknikkar av hjartet
Eigenskapar
- Må kunne arbeide sjølvstendig
- Trygg på eigne ferdigheiter, fagleg og personleg
- Trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
- Fleksibel, strukturert og ryddig
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Vi kan tilby eit fagmijø i kontinuerleg utvikling, ein sosial og aktiv arbeidsplass.
- Dagarbeid
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har om lag 10.000 tilsette som kvar dag har som mål å gi best muleg behandling og pleie til pasientane våre.
Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og vi utdannar eit par tusen helsearbeidarar.
Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er Noregs nest største medisinske forskingsmiljø. Vi har dessutan ei rekke kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan. Budsjettet vårt er på omlag 7,8 milliardar kroner.
Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Helse Bergen skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.
For stillingar der det stilles krav til tilfredsstillande politiattest, jamfør Helsepersonelloven, Lov om barnehagar og Grunnskoleloven, blir tilsetting gitt under føresetnad av at arbeidstakar leverer tilfredsstillende politiattest.
Interessert i å vite meir om oss? Besøk oss på www.helse-bergen.no
- Sted: ., 5021 Bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 24160560
- Sist endret