Senior kommunikasjonsrådgivar - BarentsWatch, Kystverket
Kystverket
- Frist 7.9.2014
Senior kommunikasjonsrådgivar - BarentsWatch, Kystverket
BarentsWatch har som hovudmål å samle, utvikle og dele kunnskap om hav og kyst. BarentsWatch skal organisere og gjere tilgjengeleg data, informasjon og kunnskap ifrå eit trettitals ulike statlege etatar og forskingsinstitusjonar, for der igjennom fremje samhandling og effektivisere forvaltning av hav og kyst. Kystverket er vertsetat for BarentsWatch.
BarentsWatch er eit heilskapleg system for å samle og dele informasjon, og for å overvake dei norske hav- og polare områda, og stø opp om Noreg sine interesser i nordområda.
BarentsWatch er ein arena for informasjonsdeling, samarbeid og fagleg utvikling, der kjerneverksemda er å utvikle infrastruktur, nettverk mellom etatane, samhandlingstenester og informasjonstenester.
Kystverket søker kommunikasjonsrådgivar i BarentsWatch. Kommunikasjonsrådgivaren vil ha ei nøkkelrolle i BarentsWatch sitt formidlingsarbeid, og skal nytte det tverrfaglege perspektivet til å skape ny innsikt og forståing rundt bruken av hav- og kystområda. Stillinga inneber ansvar for BarentsWatch sitt strategiske kommunikasjonsarbeid.
Stillinga vil vere ein del av BarentsWatch-laget i Tromsø.
Alle stillingar innan kommunikasjonsfaget i Kystverket høyrer organisatorisk til Stabseining for kommunikasjon ved Kystverket sitt hovudkontor. Det daglege arbeidet vil vere knytt opp mot BarentsWatch, men stillinga vil og vere ein del av KOM-staben og rapportere til kommunikasjonsdirektøren i Kystverket.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for BarentsWatch sitt kommunikasjonsarbeid internt og eksternt, på sikt også internasjonalt
- Arbeid med langsiktig omdømme- og merkevarebygging
- Vere ein viktig bidragsytar til relasjonsbygging med samarbeidande partar
- Vere ein strategisk rådgivar for dagleg leiar av BarentsWatch
- Bidra til vidareutviklinga av BarentsWatch som eit heilskapleg overvakings- og informasjonssystem
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning - ynskjeleg at det er innan kommunikasjon eller journalistikk
- Erfaring innan strategisk kommunikasjon er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (begge målformer) og engelsk
- Ønskeleg med erfaring frå internasjonalt arbeid
- Vedkomande som blir tilsett i stillinga må sikkerheitsklarerast
Utdanning
- Høgskule / Universitet
- Journalistikk/kommunikasjon
Eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Arbeide sjølvstendig
- Kreativ og engasjert
- Som strategisk kommunikasjonsrådgivar bør du vere god på relasjonsbygging, ha gode kommunikasjonsevner, vere omgjengeleg, kunne arbeide under tidspress
- Vi ønsker ein kreativ og engasjert person som passar inn i eit nyskapande team
- Ha positiv drivkraft både i teamet i BarentsWatch, og i utviklingsstaben for kommunikasjon
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Ei utfordrande stilling med gode utviklingsmoglegheiter
- Fleksibel arbeidstid
- Stillinga vil bli løna som seniorrådgivar, st.kode 1364, lønstrinn 58 - 70
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søke stillinga.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Sjølundveien 7, 9016 Tromsø
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: PR og informasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 50724905
- Sist endret