Bildegalleri
Are Kalvø bøker. NORGES BESTE SATIRIKER!
Beskrivelse av varen
Har ryddet i hyller og kasser
Selger diverse Are Kalvø bøker. Se titler og info nedenfor. Prisene finner du på bildene.
HYTTEBOK FRA HELVETE 100 kr
HARRY: 50 kr
GREATEST HITS VOL 1, the early years: 150 kr
GREATEST HITS VOL 2, the early years: 150 kr
GREATEST HITS VOL 3, the travelling years: 150 kr SOLGT
MEN FJERNKONTROLLEN MIN FÅR DU ALDRI: (UTSOLGT FRA FORLAGET) 50 kr
NØD: 50 kr
SYDEN 50 kr
BIBELEN 2 - 100 KR Gul klistrelapp er vekke. Se bilde nr. 23
VÅRE VENNER KINESARANE 150 KR
HYTTEBOK FRA HELVETE 100 kr
Are Kalvø vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. Dette har aldri vore eit problem. Før no. For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell. For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer. Kva driv dei med på desse hyttene om kvelden? Kva snakkar dei om? Er det rom for å seie til nokon ein møter i fjellet at ein synest natur er oppskrytt? Eller blir det dårlig stemning då? Og kven reiser eigentlig frivillig på ferie til ein plass som heter Myggheim? «Hyttebok frå helvete» er ei svært morsom og litt sint bok om nordmenns merkelige forhold til naturen.
HARRY: Billigst i Hordaland.
Under mottoet "Ung, stolt og harry" gir boka ei innføring i harryens historie, forskjellige typar harryar, ymse harry aktivitetar og gjenstandar, og avslører at det er mykje meir og heilt andre ting som er harry i dette landet enn dei fleste av oss trudde.
GREATEST HITS VOL 1, the early years:
Tre av Kalvøs nittitalsverk er no samla mellom to permar. Det er vel inga overdriving å seie at ein dermed har spart ein god del perm. Tidlegare utselde klassikarar er endeleg å få tak i att, til glede for gamle og nye lesarar.
The early years:
* Absolutt Oslo
* Kunsten å vere neger
* Men fjernkontrollen min får du aldri
Dette er tre bøker frå ein av verdas største nynorsk-humoristar.
Få levande nordmenn overgår Are Kalvø i denne sjangeren. Kanskje så få som tohundreogfemti?
Boka inneheld også nyskrive forord av Are Kalvø, nyskrive etterord av Ivar Aasen og tidlegare upubliserte bidrag frå dei tre bøkene.
Are Kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda, og bur no i Oslo. Han er kjent som skribent, radioprogramleiar, avisspaltist, forfattar og stå-opp-komikar.
GREATEST HITS VOL 3, the travelling years:
Suksessane Syden, Nød og Våre venner kinesarane i ei bok Endeleg kjem Are Kalvøs Greatest hits vol 3, som Kalvø-fans over heile landet har venta på! Samlinga inneheld tre bøker som alle fortel om reiser med gode formål: I Syden reiser Kalvø til Syden, kanskje det hyggelegaste landet i heile verda, og finn ut at folk sanneleg gjer mykje rart når dei er langt heimafrå. I Nød reiser han til Etiopia for å redde verda, og finn ut at det faktisk er veldig vanskeleg. I Våre venner kinesarane et vår mann på 158 norske kinarestaurantar for å finne ut om han verkeleg er tilhengar av eit fleirkulturelt samfunn. Å lese denne samlinga er litt som å dra til Syden for å redde verda og avslutte dagen med fritert banan.
MEN FJERNKONTROLLEN MIN FÅR DU ALDRI: (UTSOLGT FRA FORLAGET)
Men fjernkontrollen min får du aldri er ei satirisk bok om media. Are Kalvø går bak fasaden, bak overskriftene, bak maska, mellom linjene, under overflata, gjennom mørket og bak skjermen for å avsløre avslørande journalistar, grave ned gravande journalistar og teste forbrukartestarane.
Boka tar deg med gjennom dei fleste mediesjangrane og er historias første nynorskbok med eigne talkshows, eigen såpeopera og eiga hallodame.
Teikneserieskaparen og fjernsynspersonlegdomen Knut Nærum har utstyrt boka med teikningar ingen kan stille seg likegyldige til.
NØD:
Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia.
Slik begynner Nød, ein underhaldande roman om alvorlege tema, om urettferd, om Bob Geldof og Live Aid, om kvifor vi blei som vi blei, og om å ha veldig dårlig samvit. Og om ein heilt vanlig fyr som startar innsamlingsaksjonen "Lottomillionærar for Afrika".
Are Kalvø romandebuterer med Nød, ein roman om åttitalet, om nostalgi, om dårleg samvittigheit, og om nøden i verda. Det har blitt ein stor, morosam og gripande roman.
SYDEN:
«Min første Syden-tur gjekk til ei spansk ferieøy med foreldra mine. Dette var ikkje ein av dei Syden-plassane der du berre finn fulle sexgalne skandinaviske tenåringar. Dette var ein av dei Syden-plassane der du berre finn fulle middelaldrande tyskarar. Kvar kveld underheldt gjestane kvarandre på hotellet. Under ei gigantisk discokule spratt litt for tjukke og absurd brune tyske menn med skjørt og parykk omkring og framførte sketsjar med overdriven bruk av bananar som rekvisittar.»Dette første møtet med verda utanfor Norden kunne lett gitt den unge Are Kalvø eit dårleg forhold til Syden. Likevel har Kalvø fleire gongar reist tilbake til Syden, denne merkelege, solrike plassen som finst uavhengig av alt anna. No har han reist til Syden for å skrive bok. Med kofferten full av reisekatalogar frå charterturismens barndom, fast bestemt på å finne restane av den store Syden-draumen.
BIBELEN 2:
Bibelen 2 er historia om då Jesus kom tilbake til ein hotellresepsjon på Lørenskog, fortald av dei som møtte han, dei som påstod at dei møtte han, dei som intervjua han og dei som arbeidde som rådgivarane hans. Lyden av Jesus "Bibelen" hadde fleire manglar og feil: Unødvendig tjukk. Trykt på upraktisk sigarettpapir. Full av urealistiske historier. Mykje av dette blei retta opp då "Bibelen 2" kom ut i mars 2001. Dette er ein bibel det er mulig å komme gjennom på ei helg, og ein bibel det går an å forstå for dagens menneske.
VÅRE VENNER KINESARANE:
Forfatteren har reist rundt i Norge og besøkt alle dei 158 kommunane som har kinarestaurant. Han set seg føre å ete på minst ein restaurant i kvar kommune.
HAR ANDRE BØKER AV FORFATTEREN I EGNE ANNONSER.
Se mine andre annonser også. Mye bra for en billig penge. Jeg har alltid laveste pris på nett
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 27.11.2024, 08:39 ・ FINN-kode: 145754401