Utløpt

Er du ein smidig prosessleiar og blir motivert av å utvikle andre?

Arbeidsgiver
Statistisk sentralbyrå
Stillingstittel
Smidig prosessleiar
Frist
01.12.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå søkjer ein ny medarbeidar som vil drive fagområdet smidig arbeidspraksis framover.

Korleis veit du at det du les er riktig? Kor kjem tala frå, og kan du stole på dei? Sidan 1876 har Statistisk sentralbyrå levert eit uavhengig, felles faktagrunnlag for god planlegging, evaluering, debatt og forsking i Noreg. I dette arbeidet treng statistikkavdelingane gode IT-løysingar.

Vi tilbyr ein spennande moglegheit til å vere ein drivar for smidig tankesett og verdiar i utvikling av IT-løysingane og statistikkprodukta våre.

Informasjon om stillinga

SSB har eit strategisk mål om å levere endå meir relevant og aktuell statistikk og analyse. Dette krev blant anna at IT-avdelinga tar ei sentral rolle i arbeidet med å etablere tverrfaglege produktteam som får ansvar for heile verdikjeda. Utviklinga av IT-løysingar har i SSB de seinare åra basert seg meir og meir på smidig metodikk. Dette gjeld både i forvaltningsteam, team i prosjekt og i etablering av produktteam.

Du vil inngå i Seksjon for IT-partner kor vi har eit felles mål om å støtte organisasjonen i å utvikle arbeidsmetodar og kultur for tverrfagleg samarbeid. Fokus er brukarverdi, automatisering, raskare produksjonssetting og gevinstoppnåing, datadriven utvikling, innovasjon, kontinuerleg forbetring og læring.

Du vil blant anna:

  • Etablere partnarskap og samarbeid på tvers av organisasjonen for å skape produktutvikling og innovasjon basert på brukarbehov og verdi.
  • Hjelpe team i prosess og leveransar basert på smidig metodikk med tilhøyrande verktøy.
  • Hjelpe linja/team i endringsarbeid og innføring av nye tenester og produkt.
  • Skape suksesshistorier som viser verdi for resten av organisasjonen.
  • Vere rådgivar i å ta i bruk ny teknologi og tenester.
  • Vere ein pådrivar for smidig tankesett og verdiar, og skape modnad på dette både hos forretning og IT.
  • Sørge for at prosessar blir automatisert og at utvikling er datadriven.
  • Ta operative prosessroller i team/prosjekt, eksempelvis scrummaster, prosjektleiar, smidig coach, innføringsleiar.
  • Undervise, rettleie og fasilitere.

Kva vi ser etter

Du har eit stort engasjement for smidige tankesett og verdiar, og du ønskjer å kontinuerleg utvikle kompetansen din innan smidig prosessleiing. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og set deg inn i verksemda og behova til brukaren. Du ser verdi i både å lære av og dele kunnskap og erfaringar med andre. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, da arbeidet inneber ein tett dialog med utviklarar, statistikarar og interne brukarar. Du må ha interesse for å setje deg inn i IT- arkitekturen og teknologien som til ein kvar tid blir brukt.

Kvalifikasjonar

Du har:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Kompetanse på og erfaring med å ta i bruk ulike smidige metodar, eksempelvis Scrum, Kanban, Devops, Software value stream mapping/flow framework, designsprint,
    prinsipp for kontinuerleg læring. 
  • Erfaring med å fasilitere og rettleie.
  • Sertifiseringar/kurs, eksempelvis Scrummaster, Product Owner, Agile Team Coach, PROSCI, ACMP Standard, AgileShift, SAFe.
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk (minimum norsk nivå B2) og engelsk.

Det er også ønskjeleg at du har erfaring frå:

  • Implementering av smidige leiarprinsipp slik som kontinuerleg læring, kompetanseutvikling og autonomi.
  • Etablering av Produktteam og den transformasjonen det medfører.
  • Digitalisering og dei endringsprosessane det medfører i organisasjonen.
  • Endrings- og innføringsleiing.

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar eller seniorrådgivar (kode 1434/1364) i lønnsspenn frå kr 563 900 kr til 948 900 (ltr. 62-85) etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
  • Spennande arbeidsoppgåver i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Eit godt IT-fagmiljø i ein kunnskapsrik organisasjon.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo eller Kongsvinger.
  • Tilsette har moglegheit til ein time trening i veka i arbeidstida, med trimrom både i Oslo og på Kongsvinger.

Generelle opplysingar:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
  • Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Om arbeidsgiveren

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg, og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har om lag 850 tilsette i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.




SSB publiserer dagleg statstikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, også internasjonalt.




Vi er ei kompetanseverksemd med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernsiere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Sektor
Offentlig
Sted
Akersveien 26, 0177 Oslo
Flere arbeidssteder
  • 2211 Kongsvinger
Bransje
IT,
Annet
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Prosjektledelse,
Rådgivning

Nøkkelord

Smidig, Prosessledelse, Innovasjon, Digitalisering, Produktteam

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astri Berrefjord
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
48 11 26 24
Kontaktperson
Simen Sætre
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
93 02 74 42
Følg firma
1190 følger dette firmaet

Akersveien 26, 0177 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 239038126
Sist endret 17. nov. 2021 15:06

Rapporter annonse