Bildegalleri
Hjortejakt i variert terreng
Beskrivelse av varen
5 løyver att.
Vi kan tilby jakt i eit stort, variert terreng med gode moglegheiter for å få dyr.
Arealet på jaktfeltet er 8887 daa, fordelt på innmark, myrer, skog og fjell.
Det er gode moglegheiter for å komme seg ut i terrenget via skogsvegar, iallfall om ein har bil med firhjulstrekk.
Vi er fem eigedomar som delar jaktrett i utmark, det betyr at det kan skje at ein må dele jaktterrenget med ei annan gruppe jegerar. Dette er ordna slik at terrenget er delt inn i soner, der ein skriv seg inn med kva for sone ein ønskje å jakte i om morgonen før ein startar jakt.
Vi disponerar over halvparten av løyvene, så det er sjeldan det er fleire grupper om gongen, men det kan forekomme.
Vi kan tilby innandørs fasilitetar for å gjere opp dyr og henge dei opp.
Opplegget:
Vi leiger ut jaktretten for ei avgrensa tid, typisk ei veke eller to. Her er det rom for variasjon.
Ein betalar fast sum for løyvet, pluss ein ekstra sum per kilo slaktevekt. I tillegg ei avgift pr tagg over seks taggar.
Det er ikkje tilgang til trofejakt på store bukkar, då vi ønskjer å behalde desse for god forvaltning av hjortestammen.
LEDIGE VEKER:
36, 37, 39, 40, 41, 44, 46
Tilkomst: Frå Bergen er det ca. 2 timar køyretid via E39.
Overnatting: Det er moglegheita for overnatting i ulike prisklassar i området, td. hos Dingja appartments https://dingja.com/accommodation/. Ved interesse gir eg ut liste over utleigarar.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 10.7.2024, 12:30 ・ FINN-kode: 245751299