Leiligheta ligg i 2. etasje. Balkong på 7,3 kvadratmeter, og sportsbu i kjellar på 5 kvadratmeter. Oppgradert HTH-kjøkken med kvitevarer samt vaskemaskin på bad. Eikeparkett på golv, flislagt golv på bad med varmekablar. Ny og god standard (ferdigstil 2015). Heis.
Bileta som ligg ved er henta frå både møblert og ikkje møblert leilighet. Det bur nokon der per i dag, så det er ikkje akkurat slik som på bileta.
Rom: Sovereom med mykje garderobe/skåpplass. Plass til 150 cm brei seng. Kjøkken og stue med opa løysing. Innebygde spottar i tak. Romsleg bu mellom bad og soverom med plass til oppbevaring eller evt. til bruk som kontorplass. Moderne bad, lys i spegel. Godt isolert leilighet både når det gjeld varme og lydstøy.
Nærområde: Nær leiligheta ligg fine turområder og populær badeplass i Korsvika. Vidare finn vi Ringve botaniske hage og Ringve museum. Fleire kjøpesentra i gangavstand, mellom anna Lade Arena (like ved), City Lade og Sirkus Shopping. Gangveg til togstasjon (Leangen) og flybuss. Kun fire flate km inn til sentrum - perfekt for sykling. Ettertrakta område.
Fasilitetar: Balkong (med utsikt) på 7,3 kvadratmeter, med lys og stikkontakt. Kabeltv og internett er inkludert i leiga (evt. oppgradering av internett gjerast på eige hand). Sportsbu i kjellar på 5 kvadratmeter.
Oppvarming: Fjernvarme til oppvarming og varmtvatn inkludert i leiga. Straum er òg inkludert.
Parkering: Gjesteparkering i parkeringskjellar. Men ikkje til fast bruk.
Visning etter avtale.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.