Bildegalleri
Steiatun - Moderne prosjektbustader med solrik, sentral beliggenheit | 6 seld...
Innflyttingsklar bustad i rekke med høg standard!
Steiatun, 6963 Dale i SunnfjordPris på lån: fra 21 130 kr/mnd
Lånekalkulator fra 21 130 kr/mndEff.rente 6,25 %. 3 255 000 o/25 år. Kostnad: 3 084 000 kr. Totalt 6 339 000 kr.
LånekalkulatorEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Prosjektets status
Planlegging
-
Salgsstart
-
Byggestart
-
Overtakelse
-
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Rekkehus
- Soverom
- 3
- Primærrom
- 99 m²
- Bruksareal
- 99 m²
Fasiliteter
Beskrivelse
Om prosjektet
Nytt, flott og vestvendt bustadtun sentralt i Dale sentrum med 26 nye bustader. Her kan ein velje mellom einebustader, bustader i rekke eller firemannsbustad.
Innvendig er det romslege og funksjonelle løysingar med god standard som blant anna slette veggflater og himlingar, kvalitetskjøkken der ein kan velje mellom 8 ulike fargar, spottar i himling m.m. Bygging er i gang og er ein tidleg ute kan ein sjølv få vere med å velje fargeval og innvendige løysingar.
På Steiatun bur ein enkelt og praktisk med korte avstandar til det meste!
Det er fleire fordelar med å kjøpe nytt, vi nemner mellom anna :
Låg dokumentavgift.ein betalar 2,5% dokumentavgift for tomteverdien, ikkje av heile kjøpesummen.
Fast pris - ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum.
Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard (Tek-17).
Du får sjølv bestemme kva fargar du ynskjer på golv, veggar og kjøkken i samråd med profesjonell utbyggjar
Du unngår uforutsette utgifter på eigedomen i lengre tid
Vestvendt solrik beliggenheit
Varmekablar i alle opphaldsrom og bad, samt vedomn i stove
Staden
Steiatunet ligg berre ein liten gåtur frå Dale sentrum. Dale er administrasjonsenteret for Fjaler kommune og ligg ved Dalsfjorden. Dale har vore utdanningssentrum for området i mange år og i dag har ein barne og ungdomsskule samt Dale vidaregåande skule . Det er eit blomstrande kulturliv her og ein ser ei aukande tilflytting av yngre folk. Nydeleg turterreng like ved og ein er køyrer til Bergen på ca 3 timar herfrå. Avstand til Førde ca 45 min, Askvoll når ein på ca 20 min.
Tilkomst
Ein har god tilkomst frå Jakob Sandesveg og frå Nikka Vonens veg til bustadane. Tilkomst via trapp til andre etasje i firemannsbustadane elles inngang frå gateplan til bustadane.
Innhald
Einebustadane i rekke BK3 er på to plan og har i underetasjen 2 soverom, entre / gang og bad / vaskerom. I tillegg carport og sportsbod. Hovudetasjen har stove, kjøkken, eit soverom, wc og gang.
Firemannsbustadane BK1 og BK2 har to typar leilegheit på kvart plan. Ein kan velje mellom 2 eller 3 soverom her i tillegg til kjøkken og stove i open løysing, bad, gang og bod. Utvendig sportsbod.
Tomannsbustadane B3, B6 og B7 har i hovudetasjen stove og kjøkken i open løysing, eit soverom, bad og gang / trapperom. 2. etasje har loftsstove, 3 soverom, bad og gang / trapperom. Utgang til terrasse i hovudetasje og altan i andre etg. Frittståande carport og bod er inkludert.
Einebustadane B1 og B2 har i hovudetasjen kjøkken og stove i open løysing, eit soverom, bad og gang / trapperom. Underetasjen har tre soverom, bad, vaskerom, hall / trapperom, teknisk rom / bod og vindfang. I tillegg carport og utvendig sportsbod.
Einebustadane på eitt plan med felles garasje og sportsboder BK4 og BK5 har alt på eitt plan og inneheld: Stove og kjøkken i open løysing, tre soverom, bad, vaskerom, gang og vindfang. Carport og sportsbod følgjer med.
Det er fleire typar bustader i prosjektet. Gå inn på Finn annonsa til prosjektet, der vil ein finne teikningar utvendig og innvendig på kvar eining samt planteikning.
Standard
Det vert vist til romskjema for generell behandling av innvendige overflater, samt standard produktbeskriving.
Veggar : Overflatene på veggar i stove, kjøkken, soverom og gangar er av malte gipsplater i lys kvit farge. Overflate på baderomsveggar er i Fibo baderomspanel med flismønster i valfri farge innanfor Fortissimo sin kolleksjon.
For boder blir det brukt ferdigmalte plater på veggar.
Himlingar (innvendig tak ): i stove, kjøkken, soverom og gangar er av gips som er malt i lys kvit farge, og ein vil då få ei listefri løysing i tak og rundt alle vindauge og altandører. Himling på bad får huntonitt basic ceiling 60x120 cm som er ferdig malt i lys kvit farge. Tak og vindauge vil få tradisjonelt listverk.
Golv:: Til golv blir det brukt Berry Alloc Grand Avenue Champs Elysèes eller Embassy Row. Her kan du sjølv få velje farge innanfor det utvalget som gjeld for å sette ditt personlige preg på bustaden. Listverk som er tilpassa golvet sin farge innen for standardsortement.
I yttergangar er det flisar i grå farge på 30x30 cm , og på våtrom bruker vi flis på 20x20 cm med sokkelflis. Andre storleikar på flis vil som regel medføre høgre kostnader for materialkjøp og arbeid.
For innvendige boder blir det brukt ferdigmalte plater på veggar og takplater. For ytterboder blir det levert med ubehandla betonggolv og ubehandla panel på vegger og tak.
Kjøkken:
Det vert kjøkken frå Aubo, dette er eit dansk kvalitetskjøkken. Utstillinga er å sjå i Ålesund og Bergen men dei har gode heimesider der ein kan sjå på alternativa slik at ein slepp å reise.
Innreiiga er av typen Sense der ein har 8 forskjellige fargar på frontar å velje imellom. Kjøkkenarmatur med høg tut og tilkopling av oppvaskmaskin.
Laminat benkeplate med underlimt vask, ventilator og overskåp. Teikning på kjøkken blir tillagt kvar type leilegheit.
Bad : Baderomsinnreing frå Aubo i kvit modell med integrert benkeplate og vask i same seksjon. Skåp under vask. Overskåp/speilseksjon med lysarmatur. Kranar som er i forkrumma blank utføring. Det blir levert vegghengt toalett på bad. For dusjveggar blir det veggar som er hengsla inn mot vegg. Firkantslukar med rist for flislegging plassert ca 60 cm frå vegg. Dusjgarnityr med vanleg dusjstang.
Der det er vaskerom er det stålvask med armatur med høg tut, nedfelt i benkeplate av grå farge.
Kunde står fritt til å endre på frontar/farge på kjøkken, bad og garderobar mot tillegg i pris.
Det er med både utvendig og innvendig belysning, det er også med inntil 15 lysspottar i himling (tak). Opplegg til billader for dei husa som har carport. Om vi skal montere billader vil det medføre ein ekstrakostnad på kr. 15.700,- pr stk. ferdig montert.
Innvendige dører har 1 felt, kvitre kompaktdører med kvite karmer med pakning. Dørvridar i matt forkromma stål. Kvitmalt listverk rundt dører.
Overflater som er ferdig malt frå fabrikk kan vise monteringsmerker etter spiker o.l. Vi gjer merksam på at dette er vanlig og vi har ikkje med overmaling av dette. Slike merker kan vere merker etter spikerhull ved spikring av listverk, mindre striper/trykkmerker i overfalter etc.
Bustaden blir levert utvaska etter at alle fag er ferdig med sitt arbeid. Vindauga vil og bli vaska. Vi vil likevel gjere merksam på at ein siste eigen vask kan vere naudsynt frå huseigar før innflytting.
Det er høve til å gjere mindre endringar innvendig med romval, farger og kvalitet på leveransar. Slike endringar skal vere skriftlege og kostnader med dette skal vere avklart før arbeidet blir oppstarta.
Vi gjer merksam på at bileter av innreiing på bad og kjøkken er av illustrativ karakter for å illustrere type og er ikkje tileigna ein spesifikk type hus.
Likeins er interiørbileta i prospekt meint å vise
Oppvarming
På alle opphaldsrom og våtrom blir det elektriske varmekablar i golv med termostatar.
I stova er det montert vedovn og stålpipe som er svart. Vedovn er av typen Nordpeis Duo 5 med glasplate over laminat.
Energimerking
Seljar oppgjer at bygga vil ha energiklasse B
Parkering/bod
Alle vert tildelt parkeringsplass, nokon ved bustaden og nokre i frittståande carport og på merka oppstillingsplass.
Bygning
Feltet vil ha fleire typar bygningar. Det vil verte 3 einebustader, 4 bustader i kjede, 3 tomannsbustader, 5 bustader i rekke og 2 firemannsbustader i alt 26 einingar.
Byggjemåte
Bustadane blir sett opp med reisverk i tre. Kledning utvendig er ihht til teikning med royal impregnert kledning i grå farge. Det same gjeld alt listverk og underkledning utvendig på bustadane. Terrasse i front av bustaden er av same kvalitet. Det er ikkje rekkverk på terrasse der desse ligg på grunnplan.
Yttertak har takplater og på flate parti bli det nytta protakduk i svart farge. Stigetrinn for feiar etter gjeldande krav. For tak med takfall under 12 grader er det ikkje krav om snøfangarar.
Vindauge og altadører er i treverk som er malt i farge RAL 7022 , som er ein mørk grå farge og som har aluminiumsbekledning på utsida for mindre vedlikehald. Denne fargen er og på innsida av vinduage / altandører. Ytterdører er frå Gilje type Andre med vertikalt vindauge med sprosser. Døra er kvitfarga innvendig og utvendig. Det er vanleg låsekasse med sylinderlås og nøkkel. Denne kan oppgarderast til kodelås med eit tillegg på kr. 4900,- for hovudytterdør.
Takrenner er av svart aluminium samt taknedlaup. Beslag over og under vindauge vil ha svart farge, det same vil beslag for overgang mellom mur og trekledning ha.
Carport vert støypt med fall 1:100 mot avlaup. For eige tun bli det oppgrusa plass, dette og rundt bygget ca 1 meter utanfor ringmur. Det vil bli høve til å bestille ekstra asfalt på sin private gardsplass om nokon ønskjer dette til kr. 375,- pr m2 inkludert mva. Det er ikkje rekna med kantsteiner inne på kvart hus, men kan leverast for 980,- pr meter inkludert mva om det er ønskjelig.
Tomt
Alle vegar og parkeringsplassar i feltet blir asfalterte, og plenar blir ferdig planert og sådde med grasfrø. For fellesareal (mellom B2 og B4 og mellom B5 og BK3 ) blir det etablert eit mindre leikeområde med sittegruppe, sandkasse og dissestativ.
Det er utebelysning på stolpar på alle vegar og parkeringsplasser.
Det er avsett fellesområde til trafostasjon og koblingsskap i feltet. Det er og avsett eigen plass til avfallsdunkar for henting av boss.
Det blir leikeplassutstyr ( frå Leikeplass-eksperten) og benkar (frå Vevang produksjon). Leikeapparat blir : Disse, sklie, sandkasse (med nett), vippedisse/ surfebrett.
Etter at feltet er ferdig opparbeidd vil ein søke om kommunal overtaking av vegar, plassar, VA anlegg og lysanlegg.
Ein gjer merksam på at pr.d.d er ikkje slik overtaking vedtatt i Fjaler kommune.
Det må såleis påreknast vanlege avgifter for vintervedlikehald av vegar. Utvendig fellesområde med plenar etc må lagast som eit sameige der kvar part har sine rettar og pliktar for vedlikehald, som t.d. slåing av gras, stelling av beplantning og anna som eigarane vil ha.
Veg, vatn, kloakk
Vedrørande VVA og gatelys vert det arbeidd med å få kommunal overtaking av feltet, men det er pr.d.d ikkje gjort slikt vedtak i Fjaler kommune.
Eigarform tomt og areal
Areal : 10887,2. Eigarform: Fellestomt i sameige.
Eigarform bustad
Sjølveigande
Areal opplysningar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, vil oppgjeve areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Sameige
Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Kjøpar er ansvarleg for at kjøpet ikkje er i strid med eigarseksjonslova . Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. In-blanco skøyte vert ikkje akseptert.
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonering
Bustadane vert tildelt seksjonsnummer. Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering.
Prosjektet er planlagt med til saman 26 seksjonar fordelt på 17 bygningar. Bustadane vert selt som sjølveigande bustader / leilegheiter og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Lova kan ein få ved å kontakte meklar eller gå inn på www. lovdata.no.
Sameige vert leia av eit styre som veljast mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane.
Seljar vil på vegne av sameiget engasjere forretningsførar til å stå for drifta av sameiget innanfor dei rammene som sameiget vedtek. Ved kjøp av bustad i dette prosjektet vert kjøpar deleigar i dette sameiget.
Seljar vil syte for og dekkjer kostnadane ved seksjonering. Endeleg seksjonsnummer vert til delt når seksjoneringa er gjennomført, seinast innan overtaking.
Kjøpar må samtykke i eventuell reseksjonering dersom det vert endringar i prosjektet.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Fjaler kommune
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameiga, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Forretningsførar
Det er krav til forretningførar i sameiget. Denne er ikkje velt enno, då vi innhentar tilbod. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Felleskostnader
Sameiga vil sjølv definere kva dei vil ha i felleskostnader. Det er vanleg med felles utvendig forsikring som ein fordelar etter eigarbrøk.
Felleskostnadane vil her gjelde for vedlikehald av felles uteområde som leikeplass , rekneskapsførar m.m
Faste kostnader
Forsikring
Kommunale avgifter
Straum og nettleige etter eige forbruk
Kommunale avgifter
Kvart husvære må rekne med kommunele avgifter utfrå arealklasse på bustaden. Desse vert fastsett ved overtaking av bustaden.
Oversikt over gebyrregulativet kan sjåast på www.fjaler.kommune.no
Eigedomsskatt
Kjøpar på pårekne eigedomsskatt frå første år etter at bustaden er ferdigstilt.
Formueverdi
Formueverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Ferdigstilling
Forventa byggetid er ca. 12 mnd etter oppstart grunnarbeid. Kjøpar aksepterer at endeleg overtakingsdato vert varsla seinast 6 veker før overlevering.
Kjøpar er uannsett plikta til å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustaden er ferdigstilt sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling.
Ferdigattest / mellombels bruksløyve
Dette blir utferdiga av Fjaler kommune etter oppgåve frå utbyggar.
Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresse-lister med oversikt over kontaktpersonar /firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Ferdigstilling og overlevering av bustadene til bustadkjøparane vil kunne skje trinnvis. Delar av utomhusanlegget vil først bli ferdigstilt saman med dei bustadene som vert ferdigstilt sist. Med dette må interessentar rekne med at det vert byggje- og anleggsaktivitet innanfor det regulerte området med naturlege konsekvensar av dette i ei tid etter at ein har teke over bustaden.
Betalingsplan
25% ved underteikning av kontrakt
35 % halvvegs i byggjeperioden (evt. ved tett hus osb)
30 % ved klart til maling
Resterande 10 % ved overtaking
Oppgitte prisar gjeld ved ferdigstilling innan og signert kontrakt før
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Endringsarbeid er ei endring i bustaden som medfører endringar i teikningar eller teknisk underlag. Alle prosjektendringar må godkjennast av seljar. I tillegg må teikningar og teknisk underlag oppdaterast. Som ei følgje av dette kjem det til ein prosjekteringskostnad i tillegg til dei tinga endringane.
Etter igangsetjing vil det bli gitt fristar for tilval og endringar. Vert det inngått kjøpsavtale etter igangsetjing er kjøpar kjend med at fristar for tilval og endringar kan vere utgått. Kjøpar er oppmoda til å ta atterhald i kjøpstilbodet dersom prosjektet er igangsett, og kjøpar har krav til tilval/endringar som kjøpar forutset skal vere muleg å få levert av utbyggjar/seljar.
Avbestillingskostnader:
Kjøper kan avbestille i henhold til reglene i bustadoppføringslova §§ 52 og 53. Slik avbestilling kan gi selger rett til økonomisk kompensasjon.
Ved en eventuell avbestilling før det er gitt igangsettingstillatelse betaler kjøper etter bustadoppføringslova § 54 et avbestillingsgebyr på 5 % av kjøpesummen, i stedet for erstatning etter §§ 52 eller 53. Bestilte endrings- og tilleggsarbeid skal betalast i sin helhet.
Dersom kjøperen avbestiller etter at igangsettingstillatelse er gitt, fastsettes selgerens krav på vederlag og erstatning i henhold til reglene i bustadoppføringslova §§ 52 og 53.
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Handelen vert regulert av og gjennomførast etter bustadoppføringslova. Kontraktar vil bli utforma i etter bustadoppføringslova og føresetnadene ved kjøpet. Det blir ikkje nytta NS/NBR kontrakt, men kontraktsmal utarbeidd av NEF. Med mindre anna er avtala før aksept, vert det forutsett at eigedomen skal overskøytast til kjøpar. Det vert opplyst om at dersom leilegheita er kjøpt med meining på å ikkje ta over og bebu denne, herunder som eit vidaresalsobjekt vil videresalet regulerast av bustadoppføringslova. Herunder vil seljar måtte oppfylle vilkår i bustadoppføringslova ved evt. videresal. Konferer meklar for ytterlegare informasjon. Dersom kjøpar ikke er forbrukar vert bustaden seld etter følgjande reglar: Bustadoppføringslova sine reglar kjem i utgangspunktet ikkje til anvending ved denne transaksjonen. Partane er likevel enige om at Lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. av 13.6.1997 nr. 43 Bustadoppføringslova kjem til anvending på kontraktsforholdet med slike unntak som teke inn i dette punktet. Bestemmelsane i bustadoppføringslova som ikkje er gjeldande mellom partane og såleis ikkje kan påberopast: -§§ 8, 12, 16, 18, 24, 31, 47, 49, 51, 52, 53 og 54. -Dersom andre paragrafar i bustadoppføringslova inneheld bestemmelsar om at de ovennemnde paragrafar kan påberopast, vil også slike bestemmelsar ikkje være gjeldande mellom partene.
Kvitvasking
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.
Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Regulering
Området er avsett til bustader og anlegg , samferdselanlegg og teknisk infrastruktur, grønnstruktur og hesynssoner.
Overdraging / resal
Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar. Ved eventuell transport/vidaresal av kjøpekontrakt før overtakinga vert det krevd eit gebyr stort kr. 35 000,- inkludert mva. Ny kjøpar vil vere bunden av eventuelle tingingar av tilval som er gjort av kjøpar. Transport av garantiar til ny kjøpar krev samtykkje frå garantist. Eventuelle gebyr for slik transport skal dekkjast av kjøpar.
Atterhald
Byggjestart er avhengig av at igangsettings-løyve blir gitt frå myndigheitene. Seljar tek generelt atterhald om myndigheitene si sakshandsamingstid og eventuell justering i framdrift for overtaking/innflytting, heimelsoverføring med vidare som følgje av dette.
Kjøper forplikter seg til å samtykke til eventuell reseksjonering og endringer i prosjektet
som ikke forringer verdien av kjøper sin seksjon.
Selger tar atterhald om å organisere parkering og boder på den måten han ser det som
mest hensiktsmessig.
Selger tek atterhald om eventuell endring av antall seksjoner og bustadblokker i sameiet.
Seljar tek atterhald om at seksjonering blir godkjent av Fjaler kommune og Statens
kartverk.
Det vert teke atterhald om feil eller endringar i prislista. Utbyggjar kan utan varsel justere prisar og vilkår i den vedlagde prislista på uselde einingar.
Bustaden vert levert i byggreingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask etter innflytting.
I nye bygg vil det normalt oppstå svinnriss, sprekkar i tapet, maling og så vidare ved skøyter og samanføyingar, dels på grunn av uttørking av materialer. Det vert påkeika spesielt at sprekkar i materialovergangar og mellom tak og vegg og i hjørner ikkje kan bli forlanga utbetra, så lenge desse ikkje inneber avvik frå god handverksmessig standard.
Med dagens tette bustader og miljøvennlege målingstypar kan det vere fare for heksesot inne i bustadene. Alle bustader bør difor ventilerast godt den første vinteren/året, og ein bør vere forsiktig med gassbruk og levande lys innvendig.
Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden.
Prosjektet er på eit tidleg stadie og kjøpar må akseptere eit mindre vesentleg avvik i areal for bustaden. Dette gjeld også plassering av bygget, høgde samt at det kan bli gjort endringar som følgje av pålegg i samband med byggjeløyvet, optimalisering av sjakter, kanalar og fellesanlegg og liknande. Kjøpar kan ikkje krevje prisavslag/erstatning dersom det skulle kome avvik i høve det framfornemde så sant dette ikkje forringar bustaden sin verdi.
Seljar kan gjere naudsynte og/eller mindre hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav og manglande tilgjengelegheit, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
Seljar kan også gjere mindre endringar på utomhusarealet som følgje av offentlegrettslege krav, så lenge det ikkje forringar verdien og nytten av utomhusarealet.
Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Innkassing av tekniske installasjonar som ikkje går fram av kontraktsteikningane kan førekome.
Seljar informerer om at det kan forekome, og kjøpar må akseptere, mindre endringar i forhold til arkitektteikningar og byggjebeskrivingar. Kjøpar pliktar likevel ikkje å akseptere endringar som reduserer verdien av bustaden.
Det er eit vilkår for oppgjer at eigedomen er seksjonert, at det ligg føre § 12 garanti, det ligg føre mellombels bruksløyve og at bustaden er skjøtt over samt at andre kontraktsforhold er avklara.
Den einskilde seksjonseigar disponerer og vedlikeheld utomhusarealet som naturleg ligg til sin seksjon.
Ved kjøp av eigarseksjon vert overtaking av fellesareal gjort med styret i sameiget.
Seljar leverer ikkje; innreiingar, lamper, andre lyskjelder/-utstyr, markiser/solavskjerming, tepper, møblar og anna tilhøyr, dersom dette ikkje går tydeleg fram av denne prosjektbeskrivinga.
Seljar tek atterhald om å heve kontrakten dersom kjøpar er i vesentleg misleghald, sjølv om kjøpar har fått overteke bruken av bustaden og/eller skøytet er tinglyst før kjøpar har oppfylt sine plikter etter kjøpekontrakten.
Ved besøk på byggjeplass før overtaking skal kundar alltid vere i følgje med ein representant for seljar. All anna ferdsel på byggjeplassen i anleggsperioden er med høg grad av risiko og er forbudt.
Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet over lenger tid. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.
Bustaden kan nyttast til visingsbustad inntil overlevering.
Partane er einige om at kommunikasjon kan skje via e-post og at dette vert rekna som skriftleg kommunikasjon, jf. bufl § 6 a.
Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar. Data som dannar grunnlaget for avtalen er leveransebeskriving.
Dersom kjøpar unnlater å møte til synfaring og overtaking utan gyldig grunn, kan seljar halde denne aleine. Kjøpar har ikkje rett til å nekte overtaking ved å ikkje måte opp på overtakingsforretning.
Eigedom
Steiatun
6963 Dale i sunnfjord
Nyttige lenker
Beliggenhet
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.