Bildegalleri
Inaktiv
Den finaste bygda - Store, solfylte tomter med flott utsikt – barnevenleg og roleg område
Furubakken, Malmvegen og Moldbakken, 3579 TorpoPrisantydning230 000 kr
- Totalpris
- 230 000 kr
- Omkostninger
- 0 kr
Nøkkelinfo
Fasiliteter
Bilvei frem
Ingen gjenboere
Offentlig vann/kloakk
Utsikt
Turterreng
Visning
Visning etter avtale
Adkomst
Ledige tomter i Bakken I bustadfelt: Furubakken 7 (tomt 6/42 ), Furubakken 9 (tomt 6/40) og Moldbakken 1 (tomt 6/49).
Ledige tomter i Bakken II bustadfelt: Malmvegen 2, 3, 5, 7, 26, 27, 28, 30, 32, 34, 35 og 37.

Beliggenhet
Bakken bustadfelt del I og II på Torpo består av fleire ledige tomter med ulik storleik.
Alle tomtene er plassert i området rundt Sirevegen, sentralt på Torpo vest. Tomtene ligg solrikt og naturskjønt til, med adkomst frå gatene Furubakken, Moldbakken og Malmvegen.
Bakken er eit grønt, luftig og solfylt område i den naturskjøne bygda Torpo som ligg i Ål kommune, midt mellom Ål og Gol.
Torpo er kjent som #denfinastebygda og kan by på eit heilt unikt sosialt fellesskap, gode oppvekstvilkår og flotte tur- og rekreasjonsmoglegheiter rett utanfor døra. Her trivst både born og ungdom, småbarnsforeldre og godt vaksne.
På Torpo stiller folk opp for kvarandre. Her får du hjelp av naboen til å mate katten når du er på ferie, og av butikksjef Oddrun på Joker til å handle det du gløymte, sjølv etter stengetid. På Torpo legg dei mykje arbeid i 17.mai-feiringane for heile bygda, i skulen, idrettslaget, lokalbutikken og barnehagen. Kvardagen på Torpo er prega av samhald og fellesskap. Og bygda vil gjerne inkludere fleire i dette fellesskapet!
Torpo har barnehage og barneskule for trinn 1.-7. med svært fornøgde elevar og foreldre. I umiddelbar nærleik til bustadfeltet Bakken I og II finn du Bakketun idrettsplass med fotballbane og skistadion med lysløype.
Torpo er ein av Hallingdals flottaste destinasjonar for stisykling og byr på eit uendeleg antal turmoglegheiter både til fots, på ski og på sykkel. Sjå aal52.no for inspirasjon.
Handel og kultur
Ål er landets beste kulturkommune og kan by på kulturopplevingar i verdensklasse. Kun 15 min frå Torpo har du Ål Kulturhus med konsertsalar, kino, bibliotek og kunstgalleri. I Ål sentrum blir det arrangert fleire store musikk- og kulturfestivalar i løpet av året.
På Torpo står grendehuset Hugnadheim i ein særklasse. Hit kjem det folk frå heile Hallingdal for å drive med folkedans og folkemusikk nesten kvar dag, heile året. Sjå filmklipp frå Hugnadheim her: https://www.facebook.com/watch/?v=498923897167820
Dagleghandelen kan du gjere på lokalbutikken Joker på Torpo, som er eit av bygdas samlingspunkt og møteplassar. Gol og Sundre (handelssentrum i Ål kommune) ligg berre 15 min unna med bil eller buss. Her finn du eit rikt utval butikkar, spisesteder og andre tenester.
Oppvekst i Ål
Ål kommune har god barnehagedekning og opptak 1. mars kvart år.
Torpo barnehage er ein to-avdelings barnehage for alderen 1 - 5 år. Det er i hovudsak born frå Opheim og Torpo som har plass her.
Barnehagen ligg fint plassert i Torpo sentrum med gåavstand til butikk, skule, fotballbane, skiløype og fin natur. Det fyrste bygget stod ferdig i 1979, men har vore utvida i fleire omgangar. I 2015 vart heile huset renovert og framstår no som ein barnehage godt tilpassa behova born og tilsette har for ein kreativ og hyggeleg kvardag. Barnehagen har eit uteområde med variert terreng og ein fin, liten skog innanfor gjerdet. Torpo barnehage har full pedagogdekning og eit personale som arbeider med både hovud og hjarte.
Bakken bustadfelt soknar til idylliske Torpo barneskule, som ligg i gang- og sykkelavstand til feltet. Barneskulen har i dag ca 60 eIevar i 1.-7. trinn. I tillegg til rektor er det 11 lærarar og 7 assistentar knytt til skulen. I 2010 vart Torpo skule totalrenovert. For 32 millionar vart alle klasserom og fellesrom ombygd og opprusta til moderne lokale for undervisning. Skulen har gymsal med nytt golv og nyrenovert svømmebasseng (12,5 m). Me har eit flott uteområde, med ballbinge der det også kan leggjast is om vinteren. Gapahuk og skileikområde ligg i skogen 100 m frå skulen.
Ål er kjent for å ha eit svært godt oppvekstmiljø prega av inkludering og deltaking. Svært mange av kommunens barn og unge deltek i organisert aktivitet, enten i idrett, på kulturskule eller i friluftslivet.
Helsetilbod i Ål
Sentralt plassert i sentrum finn du også lokalsjukehuset Hallingdal sjukestugu, Ål Luftambulanseteneste og Ål legekontor. Ål har med andre ord ein svært god helseteneste og eit stort fagmiljø innan helse og medisin.

Beskaffenhet
Prisen på tomter i Bakken I og II er på kr 230-250 000 (avhengig av tomtestorleik) inkl. oppmålingsgebyr, tinglysing, dokumentavgift.
Tomtekjøpar må i tillegg betale for tilkopling til vatn og kloakk. Kostnad: 40 000 kr + mva.
Opparbeiding av veg, vatn og kloakk er ferdig.
Du kan reservere ei tomt med ein frist på 2-4 veker til å bestemme deg om du vil kjøpe eller ikkje. Er det andre som har reservert tomta du er mest interessert i kan du sette deg på venteliste så vil du få melding når den som står før deg på lista har takka ja eller nei til tilbod om kjøp.
Viss du er interessert i tomt, skriv opp tomtene du ynskjer i prioritert rekkefølgje og send det inn pr e-post til Kommunalsjef Reidun Aaker – reidun.aaker@aal.kommune.no –
eller til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål v/Reidun Aaker.

Regulering
Bustadbygging
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Beliggenhet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.