Gravferdskonsulent
Verdig gravferd AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Gravferdskonsulent hos Verdig gravferd
Verdig gravferd tilbyr tenester i heile Sunnhordland med lokaler i Stord, Fitjar og Bømlo. Hjå oss skal kundane kjenna seg godt tatt hand om og få ta ein verdig og personleg avskjed med sine kjære. Som gravferdskonsulent skal du gje råd til menneske i sorg og syta for det praktiske ved gravferd.
Vår gravferdskonsulent skal visa respekt for dei pårørande, og ivareta den avlidne sin verdigheit. Me skal følgja med i tida både når det gjeld fagleg utvikling og vera opne for å tilby nye produkt og tenester. Me gjev dei etterlatte stor personleg innverknad på korleis minnet etter deira kjære skal heidrast, og tilrettelegg for seremoniar uansett religion eller livssyn.
Me møter kundane der dei treng oss, og du får jobba både "ute i felten" og på kontor.
ARBEIDSOPPGÅVER:
- Råd og rettleiing til pårørande i forbindelse med dødsfall
- Koordinering, pynting og gjennomføring av seremoniar
- Transportoppgåver - med henting og stell av avdøde
- Deltaking i vaktordning med arbeid på kveldstid og i helg.
- Fotografering, grafisk oppsett og produksjon av trykksak.
- Arbeid med innhald til nettsider og sosiale medier.
- Vedlikehold av utstyr og kjøretøy
- Rådgjevning, salg, montering og oppussing av gravminner
- Andre små og store gjeremål i bedrifta
OM DEG
Det finst ingen formell utdanning for denne jobben, men det er likevel mange utdanningar og erfaringar som kan vera med å forma ein god gravferdskonsulent. Likevel er det nokon grunnleggande kvalifikasjonar som må vera i orden.
Du er eit ordensmenneske og har sans for detaljar. Ryddighet, presisjon og estetisk sans er viktig i denne rolla. Du handterer både administrative og praktiske arbeidsoppgåver, du forstår kva kvalitet er i vår bransje og du er kreativ. Du er nøyaktig og overheld tidsfristar - med god margin.
God kjennskap til andre kulturar og gravferdsskikkar vil vera ein fordel.
Du meistrar press i vanskelege situasjonar. Du må arbeida godt saman med både dei me møter og med dine kollegaer. Du forstår kva ord kan bety og kva effekt dei har i vår samanheng. Du skal snakka og skriva til folk i ein sårbar situasjon, så du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Dei pårørande kan stola på at du gjer dei rette tinga til rett tid og stad. Når dei ber om noko har du kanskje allerede ordna det - så får dei tid til seg og sine.
Du kan gjerne vere godt kjent med sosiale medie, og kan bidra til at verksemda vår vert godt synleg der - på ein verdig og god måte.
I vårt yrke vert det ein del tunge løft, så du må ha god fysikk.
Du har førerkort klasse B.
ME TILBYR
Ein givande kvardag i eit nytenkjande og framtidsretta gravferdsbyrå.
Fast jobb i 100% stilling. Det er og aktuelt med tilseting i deltidsstilling om dette er ønskelig.
Personar som ynskjer jobb som tilkallingshjelp oppmodast og å søkja.
SOMMARFUGLEN VÅR
Sommarfuglar er noko av det vakraste som er skapt.
Skjør. Og likevel med enorm forvandlingskraft.
Kvar familie med sine unike særpreg. Og kvart individ unikt.
Skjør som ein sommarfugl er også livet. Unikt. Med særpreg.
Sommarfuglen er for mange eit bilde på håp.
Kanskje håpet om eit liv etter dette.
Slik larva går over i kokongen og til slutt blir til ein vakker sommarfugl.
- Sektor: Privat
- Sted: 5417 Stord
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, Kirke og menighet, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Omsorg og sosialt arbeid, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Begravelse, begravelsesbyrå, gravferd, gravferdsbyrå, gravferdskonsulent
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 277368256
- Sist endret