
Kommunedirektør
Giske kommune
- Frist 2.3.2023
Vil du vere med på å utvikle eit framtidsretta lokalsamfunn og ein region i utvikling?
Vi søkjer ein samlande og løysningsorientert toppleiar som kan kombinere eit tydeleg og strategisk leiarskap med handlekraft og evne til å prioritere og gjennomføre. Du er samfunnsengasjert, viser god forståing av samspelet mellom politikk og administrasjon, og kan vise til solid leiarerfaring i ein kompleks organisasjon. Vidare har du relevant høgare utdanning, er sterk på økonomi- og verksemdstyring og har god innsikt i offentleg forvalting.
I ditt leiarskap har du fokus på heilskapleg styring og forpliktande resultatdialog. Du har ein synleg, inkluderande og motiverande leiarstil og er oppteken av kommunen si rolle som samfunns- og tenesteutviklar. Du evner å samle organisasjonen om felles mål og utfordringar, og vert motivert av å skape resultat med gode løysingar. Vi ynskjer oss ein leiar som speler medarbeidarar gode, kommuniserer godt, og er ein god relasjonsbyggjar. I tillegg er det viktig at du er god å handtere eksponering frå media. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Den nye kommunedirektøren vil spele ei naturleg hovudrolle i å vidareutvikle organisasjonen og gjere kommunen til ein endå betre stad å høyre til for næringsliv og innbyggjarar.
Vi tilbyr storslått natur og eit særprega kystmiljø. Hos oss får du ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein organisasjon med høg kompetanse og med gode moglegheiter. Kommunedirektøren vil vere i posisjon til å påverke utviklinga i organisasjonen og i den vakre øy-kommunen vår.
Dersom du vert trigga av moglegheitene og utfordringane vi tilbyr, høyrar vi gjerne ifrå deg!
For nærare informasjon om stillinga kontakt gjerne ordførar i Giske kommune, Harry Valderhaug, tlf. 913 85 761, eller vår rådgjevar i Headvisor, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf. 977 31 680. Søknadsfrist er 2. mars 2023, men vi ønskjer gjerne at du viser interesse i god tid før fristens utløp.
Opplysingar om søkjarar kan bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det jf. offentleglova § 25. Du må grunngje i søknaden om du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste jf. offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod, aktive idrettslag og gode høve for friluftsliv. Kommune har fylkets største vekst i folketal dei siste 10 åra, ein sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommunar. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide i, og har ein høg andel barn og unge.
Besøk vår heimeside: www.giske.kommune.no
- Lederkategori: Direktør
- Sted: Valderhaug 4, 6050 Valderøya
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord
Løsningsorientert, Toppleder, Strategisk, Handlekraft, Økonomistyring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 290462251
- Sist endret