Bildegalleri
Håp om samlivet
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Bok av Hans Olav Tungesvik
Gled deg! Det finst håp for samlivet - jamvel om både statistikkar og media fortel at samlivsbrotikkje er uvanleg! Psykiater Hans Olav Tungesvik kjem med råd og rettleiing som kan brukast av ektepar i nyforelska rus eller i full krise. Ved jamn og tilstrekkeleg tilførsel av vitaminer, og ved å læra kjærasten så godt å kjenna at ein veit kva som er godt for han/henne å bli møtt med, kan de leva lukkeleg og unngå samlivsbrot eller finna tilbake til kvarandre dersom krisa alt er eit faktum. Du får ei romsleg tolking av kva som ligg i omgrepet "kjærleiksspråk", og ein spennande gjennomgang av 10 viktige vitaminer for samlivet frå den erfarne forfattaren, som gjennom personleg rådgjeving har samtala med ektepar i krise gjennom fleire tiår. I boka vil du òg møta par som har stilt sine erfaringar til disposisjon, i håp om at det dei har vore gjennom, kan koma til nytte for andre.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 7.10.2024, 20:00 ・ FINN-kode: 290481460