Bildegalleri
Tafjord kraftselskap 1917-1992.
Beskrivelse av varen
Boken "Tafjord kraftselskap 1917-1992." av Johan Kaare Tenfjord.
Selges for 50,- kroner.
Porto: 69,- kroner (Postnord)
----------------------------------------------------------
Tafjord er ei bygd inst i Tafjorden i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Tafjorden er den inste delen av Norddalsfjorden, som igjen er ein av dei indre armane av Storfjorden.
Tafjorden er rundt elleve kilometer lang frå fjordbotnen og ut til Honeset. Fjorden er omgitt av høge, bratte fjell på begge sider, på sørsida 900–1100 meter over havet i den ytre delen og vel 1400 meter over havet i den indre. Høgast er fjella på nordsida, der Muldalsegga i fjellmassivet Trollkyrkja ved den indre delen av fjorden når 1766 meter over havet.
Det er busetjing berre i Fjørå på nordsida av Tafjorden, like innanfor Honeset, og i bygda Tafjord ved fjordbotnen. Dei to tettgrendene har høvesvis 151 og 90 innbyggjarar (2019). Det går fylkesveg langs nordsida av fjorden frå det tidlegare kommunesenteret Sylte via Fjørå til bygda Tafjord, denne går for det meste i tunnel.
Tafjordulukka
Natt til 7. april 1934 skjedde her ein av dei verste naturkatastrofane i Noreg på 1900-talet. Nærare to millionar kubikkmeter stein fall ut i fjorden då ei steinblokk rasa ut frå fjellet Langhamaren på nordsida av fjorden. Raset gjekk frå ei høgd på 700–750 meter over havet og reiv med seg den underliggjande Heggura. Bølgjene som reiste seg i fjorden, nådde høgder på 62 meter på land nær rasstaden, fire meter ved Sylte sju kilometer utanfor, og 15,6 meter ved fjordbotnen like langt innanfor. I alt 41 menneske omkom i dei tre grendene Tafjord, Fjørå og Sylte. Dertil var det svært store materielle skadar på bygningar, kaier, jordvegar og så vidare.
Namnet
Namnet er opphavleg eit usamansett fjordnamn, norrønt Toðr, som ikkje er sikkert forklart. Ei mogleg forklaring, både språkleg og realt, kan vere i tydinga 'rift' eller 'sprekk', det vil seie den som skjer seg inn. Ei anna tolking av Toðr som er sett fram, er i tydinga 'fiskefjord'.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 10.7.2024, 20:33 ・ FINN-kode: 294961980