Bildegalleri
Vestover. Bergens Tidende i 150 år.
Beskrivelse av varen
Boken "Vestover. Bergens Tidende i 150 år." av Gudmund Skjeldal. Utgitt i 2017. 524 sider. Fremstår som ulest.
Selges for 50,- kroner.
Porto: 69,- kroner (Postnord)
--------------------------------------------
Bergens Tidende (BT) er ei dagsavis i Bergen, grunnlagd i 1868, som kjem ut måndag til laurdag i papirformat og berre som nettavis på søndagar. Både redaksjonelt og økonomisk er Bergens Tidende det leiande norske mediehuset utanfor Oslo og den dominerande medieaktøren på Vestlandet. Bergens Tidende eig delar av lokalaviser i Vestland fylke, som Askøyværingen, Fanaposten og Vestnytt. Avisa er eigd av Schibsted ASA. Sjefredaktør frå 2019 er Frøy Gudbrandsen. Bergens Tidende satsar på fleire digitale plattformer. Etter tusenårsskiftet har lesarane fått fleire alternative val når dei vil lesa BT: tradisjonelt abonnement på papirutgåva som òg gir full tilgang til alt digitalt stoff, eller berre abonnement på nettutgåva (e-avisa). Gjennom døgeret oppdaterer redaksjonen nyheitsbiletet frå time til time på internett, men berre abonnentar har tilgang til alt stoffet som blir publisert på nettet. BT har stundom også radio-, tv- og videosendingar. Dei har òg fleire podkastar, til dømes Nokon må gå, der kommentatorar diskuterer aktuelle saker. BT hadde i 2022 (fjerde kvartal) registrert i gjennomsnitt totalt 223 875 daglege lesarar på papir og nett.
Bergens Tidende var ved etablering eit radikalt Venstre-blad som etterkvart blei storavisa på Vestlandet.
Boktrykkjar Johan Wilhelm Eide gav ut det første ordinære nummeret av Bergens Tidende i Bergen 2. januar 1868, etter at annonseprivilegiet til Bergens Adressecontoirs Efterretninger var oppheva. Bergens Tidende skreiv seg inn i ein liberal avistradisjon, med ambisjonar om å bidra til ein opplyst samfunnsdebatt. I eit prøvenummer presenterte boktrykkjaren også ein litterær føljetong for å «især paaregne Damernes Yndest og Bevaagenhed».
Bergens Tidende markerte seg tidleg som ei politisk avis, og som meir radikal enn den viktigaste konkurrenten, Bergensposten. Bergens Tidende ville vere «et rent Venstre-blad», slik Eide formulerte det, medan han også understreka at avisa skulle stå for eit «uafhengig og frisindet Standpunkt». BT vart etter kvart partiet Venstre sitt hovudorgan på Vestlandet, og etter Venstre sin valsiger i 1894 fekk avisa eit stort oppsving. I 1894 kunne BT overta Bergensposten, og fire år seinare kunne den framgangsrike avisa ta i bruk den første rotasjonspressa i Bergen.
I 1973, etter EF-striden og splittinga av Venstre året før, gjekk avisa over frå å vere Venstre-organ til å vere partipolitisk uavhengig.
Fyrste og andre verdskrigen
Bergens Tidende sin profil endra seg frå 1913, då det var slutt på den einerådande dominansen som annonsane hadde på førstesida. Eit meir moderne formspråk, med titlar over fleire spalter og med bilete, samt bruk av intervju, slo igjennom i mellomkrigstida i Bergens Tidende, slik som i mange andre aviser.
Bergensbrannen i 1916 la både utstyret og lokala til BT i oske, men avisa reiste seg igjen etter brannen. Bergens Tidende blei snart storavisa på Vestlandet. Frå rundt første verdskrig var avisa den største i Bergen. Opplaget nådde 18 000 midt i 1920-åra og var oppe i det doble i 1938.
Bergens Tidende kom ut under heile andre verdskrigen, frå 1942 med redaktør innsett av okkupasjonsmakta. I 1940 hadde avisa eit opplag på 35 220. I 1943 blei opplaget stipulert til cirka 43 000, og i 1949 var BT oppe i eit opplag på 47 522.
Moderne mediehus
I 1987 og 1988 sette BT opplagsrekord, med så vidt over 100 000. Men ved 140-årsjubileet i 2008 var avisa nede i eit opplag på 86 000, og tilbakegangen for papiravisa har halde fram, på linje med utviklinga for andre riks- og regionaviser.
BT vart morgonavis frå 1993, sundagsavis og nettutgåve blei etablert i 1996. Frå mars 2016 kom ikkje lenger sundagsavisa ut på papir, men abonnentar kan lesa ho som nettavis.
BT var ein pådrivar for etableringa av selskapet Media Norge, saman med Aftenposten, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen. I 2012 vart dette selskapet ein del av Schibsted-konsernet.
Opplag
År Opplag
1932 30 000
1950 48 745
1962 70 005
1979 87 629
1987 100 608
2008 85 825
2015 70 220
2020 84 102
2021
2022
89 053
89 533
Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
Første nummer 2. januar 1868.
I åra 1919–1921 vart avisa grunna arbeidskonfliktar i kortare periodar gjeven ut saman med ei rad andre Bergens-aviser under tittelen Bergenske Blade.
Redaktørar
Årstall
Redaktør
1868–1869 Johan Hekleberg
1869–1871 David Chr. Habel
1872–1894 Olaf Lofthus
1874–1883 Lars Holst
1894–1939 Finn Bøgh Henriksen
1939–1942 Haakon Torsvik
1942–1945 Vidkunn Nitter Schreiner
1945–1956 Haakon Torsvik
1956–1977 Ingemund Fænn
1977–1986 Kjartan Rødland
1986–1991 Einar Eriksen
1991–1994 Magne Gaasemyr
1994–1997 Hans Erik Matre
1997–2008 Einar Hålien
2008–2012 Trine Eilertsen
2012–2015 Gard Steiro
2015–2019 Øyulf Hjertenes.
2019– Frøy Gudbrandsen
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 1.1.2025, 12:12 ・ FINN-kode: 301960808