Bildegalleri
Bok - Barndom Ungdom av J.M. Coetzee (Innbundet)
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Til salgs: Bok - Barndom Ungdom av J.M. Coetzee (Innbundet)
Pent brukt. Kan sendes, kjøper betaler frakt.
30kr
ISBN 82-525-5026-6 (Bokklubben Dagens Bøker)
Sider 322
Forlag: Bokklubben dagens bøker
Innbinding: Innbundet
Språk: Norsk Bokmål
Sider: 321
ISBN: 9788252550269
Utgave: 1. utg.
Orig.tittel: Boyhood ; Youth
Tittel: Barndom/Ungdom
Forfatter: J.M. Coetzee
Forlag: De norske Bokklubbene
Innbundet: ca 300 sider
Presentert av Jakob Lothe (f. 1950) - professor i engelsk litteratur.
Bøkene hans utgjer ein litterær produksjon med unike kvalitetar og med ei uvanleg overtydingskraft, uttrykt i eit presist og formfullenda språk og konsekvent fokusert på viktige spørsmål som Coetzee dramatiserer og undersøkjer, sjølv om han ikkje nødvendigvis finn sikre svar på dei. Kva er eigentleg identitet? Kva vil det seie å leve i eit land med ulike rasar? Korleis definerer vi oss sjølve i forhold til andre? Korleis blir vi som vaksne påverka og forma av barndommen og ungdommen vår?
"Er du kristen eller katolikk eller jøde?"
For nokre år sidan sat eg i eit auditorium ved Universitetet i Cape Town, der Coetzee arbeidde i mange år, og høyrde han lese høgt frå sjølvbiografien Barndom. Både i denne boka og i oppfølgjaren Ungdom skriv Coetzee om seg sjølv i tredje person, noko som er uvanleg i sjølvbiografiar. Dette forteljegrepet skaper avstand mellom forfattaren som skrivar og houvdpersonen som seinare blir forfattar. Coetzee las frå begynnelsen av kapitlet som framstiller korleis "han", dvs. Coetzee som barn, blir spurt av læraren om kva religion han har. Han er usikker på kva han skal svare. Læraren blir utolmodig og spør: "Er du kristen eller katolikk eller jøde?" "Katolikk", seier guten forvirra, utan å skjøne kva svaret inneber eller kva ubehagelege konsekvensar det vil få.
Kvifor valde Coetzee å lese akkurat dette utdraget frå Barndom? Eg veit ikkje, men for meg illustrerer denne sjølvopplevde episoden eit gjennomgripande trekk ved begge desse meisterlege sjølvbiografiane. Ved å svare "katolikk" blir den unge Coetzee, saman med dei som svarar "jøde", ein minoritet. Dermed blir han definert som forskjellig i forhold til dei kristne som utgjer majoriten ved skulen. Han blir utanfor, blir halden utanfor. Ved å svare "katolikk", av tre alternativ han ikkje sjølv har valt ut, skaper han utan å vite det ei grense mellom seg og dei andre elevane.
Identitet og oppvekst
Gjennom denne og liknande episodar inviterer Coetzee oss til å reflektere over ulike former for grenser mellom religionar, nasjonar, klasser, kjønn og språk. Det som kjenneteikner Barndom og Ungdom, er at Coetzee knyter desse formene for grense til sitt eige liv - til den identitetsformande grensa mellom barndom og ungdom. For Coetzee er dette ingen lett overgang. Sidan det å forlate barndommen og bli vaksen heller ikkje er nokon enkel prosess for lesaren, skaper Coetzee gjennom skrivemåten sin tilknytingspunkt mellom minna frå vår eigen oppvekst og det vi her les.
Kritisk humor
Avstanden som ligg i bruken av tredjepersonsforma opnar for kritikk, men også for humor og ironi. For eksempel reflekterer John, som er namnet Coetzee gir seg sjølv som hovudperson i Ungdom, over kvifor han ikkje drikk, medan "farmere kan piske landarbeiderne sine til døde, så lenge de er fulle når de gjør det". Her er ironien mot kvite sørafrikanske menn bitande. Men ironien blir kopla saman med sjølvironi, for Coetzee framstiller seg sjølv som ein sjølvhøgtideleg og sjølvopptatt ungdom. Også på dette punktet vil lesarar kunne knyte trådar til sine eigne liv, sjølv om Coetzees oppvekstvilkår i Sør-Afrika og i England var svært ulike dei barn og unge har i Norge i dag. Samtidig var det i Sør-Afrika under apartheid ein enorm forskjell mellom det å vere kvit eller svart. Coetzee utforskar ulike former for, og reaksjonar på, synlege og usynlege forskjellar mellom menneske.
Enkle forteljingar om store spørsmål
Som romanane Før bararene kommer (utgitt 1980, dvs. under apartheid) og Vanære (frå 1999, dvs. fem år etter at apartheid blei endeleg avskaffa) er Barndom og Ungdom på ein måte enkle forteljingar. Men gjennom historier som kan verke enkle, maktar Coetzee å allmenngjere vesentlege eksistensielle, ideologiske og moralske spørsmål.
Tittel: Barndom/Ungdom
Forfatter: J.M. Coetzee
Forlag: De norske Bokklubbene
Innbundet: ca 300 sider
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 30.12.2024, 18:58 ・ FINN-kode: 302377132