Bildegalleri
Hjortejakt i Polen, Bulgaria, Ungarn og Romania
Beskrivelse av varen
Vi kan arrangere di draumejakt etter kronhjort!
I Bulgaria har vi riktig gode statsrevir nordaust i landet for hjortejakt, blant anna dei kjende revira Cherni Lom, Dunav, Palamara og Preslav. Her kan ein verklige jakte kapitale kronhjortar i toppklassen. Normalen er frå 8-12 kg, men kvart år blir det felt fleire frå 12 kg og oppover til 15-16kg. Jakta er på fri viltbane og trofeavgiftene er guntige i forhald til andre destinasjonar i Europa. I Rodopifjella og Balkanfjella har vi og gode revir, her kan ein rekne med hjortar i 5-9kg klassen.
I Polen har vi fleire revir som vi samarbeidar med, både statsrevir og private. Her kan vi arrangere jakt i september etter brølende kronhjortar i forskjellige storleikar. Kronhjortar frå 5-9kg i trofévekt er normalen. I Polen har vi jakter på tradisjonell prisliste, fastpriser og prisliste med makspris.
I Ungarn har vi samarbeid med statsrevir Gyulaj som ligg sør om Balatonsjøen, på dette reviret er det nærmast garanti for nærkontakt med kronhjortar på kvar einaste jaktøkt. Sterk bestand og kyndig forvaltning gjer til at her er det gode sjangsar for kronhjortar frå 7kg og oppover til 13kg. Gjennomsnittleg trofevekt på 8.5-9 kg. Høg standard i alle ledd er kjenneteikne med dette reviret!
I Romania arrangerar vi ei unik villmarksjakt etter Karpatisk kronhjort. Jakta føregår i dei store skogene i Karpatene og her vil ein måtte jobbe for å lukkast. Vi jaktar opp til 1400 moh. Ei jakt for den eventyrlystne som er ute etter store opplevelsar. Kronhjortane som lever her er kroppslig sett større enn resten av Europa, trofemessigt kan ein forvente alt frå 7kg og opp til 12 kg. t.
Vil du vite meir er det berre å ta kontakt for ein trivelig jaktprat!
Vi er medlem av RGF.
https://reliajaktreiser.no/
Bedrift uten avtale
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 5.6.2024, 08:14 ・ FINN-kode: 303779929