Bildegalleri

Leilegheitsbygg med parkeringskjellar og heis

1. etasje, midtseksjon, hus 1

Kart med kartnålHåmyra 3 og 15, 6103 Volda
Prisantydning2 990 000 kr
Totalpris
2 992 792 kr
Omkostninger
2 792 kr
  • Planlegging

    Ferdig

  • Salgsstart

    Haust 2017

  • Byggestart

    Haust 2017

  • Overtakelse

    Pågåande

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Etasje
1
Soverom
2
Primærrom
70 m²
Bruksareal
70 m²

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Balkong/Terrasse
Ingen gjenboere
Offentlig vann/kloakk
Utsikt
Barnevennlig
Garasje/P-plass
Kabel-TV
Parkett
Balansert ventilasjon
Bredbåndstilknytning
Heis
Lademulighet
Turterreng

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Dette er ei moderne leilegheit med høg standard. Bustaden har ei god planløysing, er på 70 m2 og har 2 soverom. Bustaden har eigen parkeringsplass og sportsbod i parkeringsplan under bustadane. Herfrå går det heis og trapp til overbygd svalgang. Leilegheita er gjennomgåande og har livsløpsstandard.

Leilegheita har open stove- og kjøkkenløysing med god takhøgde. Dette gir bustaden eit lyst og moderne preg. Frå stova er det skyvedør ut til ein romsleg og overbygd balkong med glasrekkverk. Bustaden inneheld stove/kjøkken, to soverom (med moglegheit for tre), entré/gang, bad, bod/vaskerom, balkong, sportsbod og overbygd parkeringsplass. På området er det tilgang til gjesteparkering og flotte leikeplassar, med m.a. leikeapparat og benk.

Nøkkelferdig bustad

Denne seksjonen vert levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling, tapet og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden.

Bustaden vert levert med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert ein eksklusiv belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa der bustaden har fleire etasjar.

I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:

  • Oppgradert kjøkkenløysing frå Sigdal, med integrerte kvitevarer frå Electrolux (kjøl/frys, induksjonstopp, steikomn og oppvaskmaskin).
  • Bad levert ferdig flislagt med 20x50 cm flis på veggar og 30x30 cm flis på golv. Dusjhjørne/-dør levert med profilar i krom og klart glas, mosaikkflis på golv.
  • Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindu, samt maling av alle overflater.
  • Parkett lagt av høg kvalitet på alle soverom, kjøkken og stove.
  • Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
  • Ingen byggelånsrenter, då betaling først vert utført ved overtaking og innflytting.


Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg.
For gjennomgang av prosjektet eller ønske om visning vennligst ta kontakt.

Beliggenhet

kart

Annonseinformasjon

FINN-kode304225538
Sist endret20. mars 2024 13:11

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.