Bildegalleri
Kjempefine moderne leilegheiter i 4-mannsbustad Vatnehagen
Vatne - Kjempefin leilegheit med parkeringsplass i carport
Vatnehagen, 6265 VatnePrisantydning fra
3 460 000 kr
Prisantydning til
3 690 000 kr
Kort om prosjektet
Moderne leilegheiter i 4-mannsbustad på ei kjempefin tomt i eit idyllisk bustadområde i Vatnehagen. Leilegheit nr. 4 er no heilt ferdigstilt, og klar til innflytting. Ta kontakt med Jofrid Hatlehol på tlf. 970 12 140 for visning!
Prosjektets status
Planlegging
Ferdig planlagt
Salgsstart
Prosjektet ligg ute for salg
Byggestart
Leilegheit 4 klar for innflytting
Overtakelse
Overtaking etter avtale med kjøpar
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 2
- Bruksareal
- 77 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Energimerking
- B
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Enhet | Etasje | BRA | Soverom | Totalpris |
---|---|---|---|---|
1 | 1 | 77 m² | 2 | 3 471 250 kr |
4 | 2 | 77 m² | 2 | 3 701 300 kr |
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
I det nye bustadfeltet Vatnehagen 2 nærmer vi oss no ferdigstilling av den første 4-mannsbustaden. Alle leilegheitene er sørvendte og har gode solforhold, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Vatne barneskule ligg like i nærleiken, berre eit par hundre meter frå feltet. Det er gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbåthavn m.m.
4-mannsbustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar, og mange av kvalitetane har arkitekten valt å framheve ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid.
Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang frå stove/kjøkken til balkong eller markterrasse, og innsynet mellom naboane er skjerma av skiljeveggar mellom leilegheitene. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. I tillegg har kvar leilegheit ein parkeringsplass på gardsplass. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Ferdig asfaltert veg og parkeringsareal er inkludert i leveransen.
Plassering
I nærområdet er her fleire flotte friluftsområder med fine turstiar, og ikkje langt unna ligg Gurinesbukta, eit nydeleg rekreasjonsområde med badeplass. Området har gode vilkår for friluftsliv med ferskvatn og eit flott fjelllandskap. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. På Vatneeidet nokre få minutt unna med bil ligg Vatne ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. I tillegg er her to daglegvarebutikkar, diverse andre butikkar, frisør, legekontor, tannlege, Eidet omsorgssenter, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Køyretid til Digerneset 15 minutt, til Moa 25 minutt, og til Ålesund sentrum via Ellingsøya ca. 35 minutt.
Beskriving av leveransen
Leilegheitene vert levert klar til innflytting med god standard. Fin kjøkkeninnreiing med intergrerte kvitevarer. Glatte malte veggar, malt gipstak med listefri overgang til tak. Flislagt bad med moderne baderomsinnreiing, vegghengt WC og dusjveggar. Flis på golv i ytre del av gang og på bod/vaskerom. Golv i god kvalitet på stue/kjøkken og soverom. Oppgradert el-installasjon med spottar i tak på stue/kjøkken og bad.
Leil. 1 - 1. etg. BRA 77,2 m² P-rom 73,2 m² kr 3 460 000,- (klar til innflytting)
Leil. 2 - 1. etg. BRA 77,2 m² P-rom 73,2 m² SOLGT
Leil. 3 - 2. etg. BRA 77,4 m² P-rom 73,4 m² SOLGT
Leil. 4 - 2. etg. BRA 77,4 m² P-rom 73,4 m² kr 3 690 000,- (klar til innflytting)
Følgjande er med i standardleveransen:
- Kjøkkeninnreiing frå Kvik
- Baderomsinnreiing frå Kvik
- Skyvedørsgarderobe med dører i klart speil i entrè
- Garderobeskap på soverom
- Varme i golv på bad og ytre del av entrè
- Balansert ventilasjon frå Villavent
- Luftventilert pipe
- Rør i rør system
- Frostsikker utekrane
- Biloppstillingsplass i carport
- Dekke i carport støypt i betong
- Asfaltert veg og parkeringsareal
Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit
Det er mange fordelar ved kjøp av ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og berre tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.
- Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
- Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
- Lave kostnader til vedlikehald
- Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
- Tidsriktig og praktisk bustad
- Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
- Du slepp hektiske budrundar
- Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
- God tid til å førebu flytting
- Svært lave kjøpsomkostningar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 11 250,-
Diverse
Leil. 4 er no ferdigstilt og klar til innflytting. Overtaking etter avtale med kjøpar.
Vi har også starta arbeidet med å ferdigstille leil. 1. Her er framleis moglegheiter for å gjere diverse valg, til dømes type golv og innreiingar.
Fiber er lagt fram til bustaden, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS.
Bustaden er bygd etter byggteknisk forskrift (TEK17)
For visning eller meir informasjon ta kontakt med Møre Hus v/Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140
Beliggenhet
Systemhus - Møre Hus Bustad AS
Jofrid Hatlehol
Møre Hus Bustad AS
Utbygger
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.