Bildegalleri
Japansk te-servise, handmåla.
Beskrivelse av varen
Blanding av original japansk porselen (ca. 3/4) og noko som kan vere kinesisk etterlikning (ca. 1/4). Tekanne med innebygd sil, to mindre krukker/kanner (for ekstra vatn, evt vestleg versjon: mjølk og sukker), 7 koppar (fem med vassmerke, to utan, men med kan av noko som liknar bladgull), ti små fat (for brødskiver eller kake) - fire av fata ser ut til å vere kinesisk etterlikning, seks av dei har merke for japansk kvalitet (sjå bilde). Tre tefat - alle merka med japansk kvalitet. Alle desse med gullkant. Eitt 11. fat har hakk og kan komme med gratis.
Eg er ingen kjennar av japanske serviser, men ut frå det eg har funne ut frå tilsvarande serviser, ser det ut til at dei originale japanske - med vassegel, stempel og/eller gullkant - kan ha ganske høg verdi. Av eldre dato alt saman, og det orginale japanske ser - i følge tilsvarandre på nett - ut til å vere frå slutten av 1800-talet. Alt (sett bort frå det 11. fatet med skår som føljer med som ekstra om de vil) er prikkfritt og utan skår.
Eg er altså ingen ekspert, så produktskildringa kan vere upresis. Sjekk gjerne med ein ekspert. Eg kjøpte brukt på antikvitetshandlar i Berlin i 2012.
Selgast samla til kr. 1800 (evt. høgste bud viss det er interesse). Viss de vil kjøpe einskilde delar, må det vere substansielle bud - eg har ikkje tid til å sende i så mange kolli.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 19.3.2025 kl. 21:46 ・ FINN-kode: 310145635