

2008
65 000 km
Manuell
Diesel
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innForsikre kjøretøyet ditt
Sammenlign og se tilbud på forsikring
Bubil til sals på grunn av endra behov. Færre i familien ynskjer å vere med på tur og vi ser at det er naturleg med ei pause frå denne typen ferie etter mange år med campingvogn/bubil.
Denne bilen køyrast på førarkort C1, er behageleg, oversiktleg og lett å køyre. Den er registrert for fire personar og passar fint for familie på tur då det er god plass i bilen og mykje lagringsplass i tillegg til høg lasteevne.
I 2023 fekk vi montert solcellepanel i bilen, dette gjer at det er gode moglegheiter for fricamping. Nye dekk var og sett på i 2023. Det var sett inn nytt batteri i budel i juli 2024. Alt utført av Tellus Stryn. Fukttest var og utført samtidig utan merknad.
Ryggekamera gir god oversikt bakover, dette har vore ettermontert og har stor god skjerm for førar.
Bilen har stor markise med sideveggar, det er og med "skjørt" til å ha på nede på bilen. Dette er praktisk når ein skal stå i ro nokre dagar og vil skjerme for trekk/vind.
Det er dobbeltseng bak og senkeseng foran slik at ein slepp å reie opp i salong. Er ein til to liggeplassar i salong om det er behov for ekstra plass. God plass ved kjøkken med tre kokebluss og stort kjøleskap med frys. Det er plass til tre syklar bak på bilen.
Bilen har Truma og har i tillegg elektrisk varme i golv, noko som er supert på litt kjølege dagar.
Det er Dometic toalett i bilen. Dette har i vår eige vore lite brukt. Vi har heller ikkje nytta dusj i bilen då vi pleier bruke fasilitetane på campingplassar til dette. Gråvasstank er integrert i bilen.
Bilen har vore vinterlagra inne i vårt eige, det har den og vore hjå tidlegare eigar.
Bilen har vore godt halden og framstår som pen med relativt lite slitasje. Vinterlagring har vore innandørs i vårt eige, vi er og fortalt at den har vore vinterlagra inne av tidlegare eigar. Bilen var nypolert før den var satt inn for vinteren.
Vi har vore svært nøgde med bilen og dei praktiske løysingane som er i den. Den er oversiktleg og med god plass til å organisere det ein har behov for å ta med seg.
EU-godkjent 13.09.2024.
For spørsmål, ta kontakt med Gro på telefon 92 44 97 89.
Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.
6966 GuddalLogg innLogg inn for å se hele adressen
Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.