Bildegalleri
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu 3 og 4. Oddgeir Bruaset.
Beskrivelse av varen
"Der ingen skulle tru at nokon kunne bu III» (1.utgave 2012) Oddgeir Bruaset. Innbundet med bokomslag. Som ny innvendig. Svak slitasje på bokomslaget. Rikt illustrert. 239sider. 230,-.
"Der ingen skulle tru at nokon kunne bu 4» (2014) Oddgeir Bruaset. Innbundet med bokomslag. Som ny innvendig. Svak slitasje på bokomslaget. Rikt illustrert. 231sider. 180,-.
Kan selges samlet for 340,-.
Kan sendes mot forskuddsbetaling + frakt.
III:
Omtale fra forlaget:
"Nokre menneske vel å leve livet sitt på svært uvanlege stader, langt fra sivilisasjonen. Gjennom mange år har Oddgeir Bruaset lagt ut på tur for å vitje desse menneska. Resultatet har vi sett på TV og i bøker - begge delar store suksessar. Denne tredje boka omtalar i tekst og bilete 12 stader i Noreg - frå innlandet, fjellet og kysten - stader Bruaset og fotograf Tor Sivertstøl har vitja dei siste tre åra. Her får lesaren meir utfyllande og annleis historier enn det som kjem fram i eit halvtimes TV-program. Bruaset gir óg eit tilbakeblikk på alle dei 60 stadene NRK har synt sidan prosjektet byrja i 2002. Kva har hendt sidan sist, og korleis har det gått med menneska forfattaren møtte der?»
IV:
"«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er basert på ein av dei mest populære fjernsynsseriane i nyare tid, signert av den folkekjære programskaparen og forfattaren Oddgeir Bruaset. Kven skulle tru at denne serien skulle bli så slitesterk gjennom tolv år? Det er dette spørsmålet denne boka gjev svar på. Her møter vi menneske som vel eit anna liv, eit liv langt frå rastlause urbane miljø. Menneske som ønskjer eit enklare liv, men som i tillegg har mot til å bryte opp og faktisk velje dette livet. Eit liv der gleda over resultatet av eige hardt arbeid er større løn enn «likes» på sosiale medium.
Vi blir til dømes med til fjellgarden Argehovd på Hardangervidda og møter Anne-Gro og Åsmund Løvås nærare 1000 meter over havet. For tjue år sidan var Anne-Gro med kjærasten Åsmund opp dit første gongen. Åsmund skulle vise henne den veglause fjellgarden han hadde fått tilbod om å overta. Næraste nabo var to andre fjellgardar nokre kilometer unna.
«Byjenta såg – og trudde knapt det ho såg. Ein einaste tanke stod klårt for henne: «Så fort eg kjem tilbake til byen, skal eg slå opp!»
No gjekk det ikkje slik, dei to skapte seg eit liv med to born der oppe på fjellet. I boka får lesaren vite mykje meir enn det er plass til i eit halvtimes TV-program. Til dømes historia om polarhelten Roald Amundsen, som saman med bror sin nær sette livet til inne på vidda og vart berga av fjellbonden på Argehovd som var ute for å sjå til rypesnarene sine.
Oddgeir Bruaset fortel i alt om elleve stader, og forteljingane om menneska som bur der, har det til felles at dei har søkt og funne det gode livet i ein fjern avkrok; her er både muntre historier og gripande lagnader"
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.12.2024, 21:23 ・ FINN-kode: 324068713