Bildegalleri
Dagfinn Zwilgmeyer - De høye luers land - I Herr Petters fotefar
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Brun. Trondheim 1960. 112 sider. Innbundet med omslag. Flekk på omslaget
Dagfinn Zwilgmeyer virka som prest i mellomkrigstida, men er i første rekkje kjend som salmediktar og hymnolog. Under den andre verdskrigen let han seg bruke av NS-regimet og vart difor ståande utanfor det sentrale kyrkjelege og hymnologiske arbeidet i Noreg i etterkrigstida.
I tida som hjelpeprest i Hadsel i Vesterålen 1931–39 vart Zwilgmeyer inspirert av nordnorsk natur og folkelynne. 1938 gav han ut ei samling med dikt om og frå Vesterålen, seinare utvida med stoff frå Lofoten. 1960 vart samlinga gjeven ut på nytt med tittelen De høye luers land, med teikningar av lofotkunstnaren og avisteiknaren Dagfinn Bakke
Då krigen kom til Noreg 1940, stilte han seg til disposisjon for NS-regimet. Han var medlem i Nasjonal Samling, og etter nyordninga vart han ordførar i Fana. Saman med 26 andre prestar skreiv han under det såkalla bolsjevikoppropet 1941
Han var ein av dei få NS-prestane som reagerte på aksjonen mot jødane hausten 1942, og han melde seg ut av Nasjonal Samling i protest våren 1943.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 20.12.2024, 09:43 ・ FINN-kode: 325508242