Bildegalleri
Brekkane Bustadfelt | Hareid sentrum
Romsleg leiligheit i firemannsbustad - Bygg 4, leiligheit 4, 2.etasje
6060 HareidPris på lån: fra 13 801 kr/mnd
Lånekalkulator fra 13 801 kr/mndEff.rente 6,39 %. 2 100 000 o/25 år. Kostnad: 2 040 300 kr. Totalt 4 140 300 kr.
LånekalkulatorKort om prosjektet
Vi startar no salet av to- og firemannsbustadar i den første delen av Brekkane Bustadfelt. Her har ein sjansen til å sikre seg attraktive og arealeffektive bustadar berre eit steinkast frå Hareid sentrum.
Prosjektets status
Planlegging
Haust 2023
Salgsstart
Haust 2023
Byggestart
Vår 2024
Overtakelse
Etter avtale
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Etasje
- 2
- Soverom
- 3
- Primærrom
- 77 m²
- Bruksareal
- 81 m²
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
I nye Brekkane Bustadfelt planlegg vi bygging av 7 firemannsbustadar, totalt 28 romslege leiligheiter. Bustadane vil bli bygd ihht Tek17 med god standard og gjennomarbeida planløysing. Bustadane er prosjektert av Mestergruppen Arkitekter og ha kort byggetid.
Mellom bustadane og riksvegen vil det bli etablert støyvoll/gjerde, noko som vil gi eit rolig og triveleg miljø rundt bustadane i feltet.
Høg standard, fornuftige materialval
Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert levert med mellomstrøk. På taket vert det levert sveisa takpapp. Balkong/terrassebord består av trykkimpregnerte materiale.
Innreiing/måling:
Bustadane vert levert med kvite tak- og veggplater. På veggane er det 3 bords ferdigmåla plater, og i taket kvite takplater, begge frå Huntonit. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er golvbelegg med vannbåren varme i golvet. På soverom, gang, stove og kjøken vert det lagt høgkvalitets klikkvinyl-golv.
Kjøken, bad og garderobe:
Kjøken er av type Primo frå Drømmekjøkkenet. Dørene er i melamin med rett kant, fronten er heilt matt og har ein silkemjuk "finish". Dørene er svært slitesterke. Kjøkena er i utgangspunktet kvite, men lysegrå, kasjmir og antrasitt kan veljast mot eit lite pristillegg. Baderomsinnreiinga er også frå Drømmekjøkkenet og er av typen Bright. Det er medrekna 1 meter garderobe per sengeplass.
Røyrleggar
Anlegget omfattar mellom anna varmtvasstank, avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eitt-greps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad, i h.h.t teikning.
Elektro
Installasjon ihht NEK med stikkontakter og takpunkt i kvart rom. Sikringskap med automatsikringar og jordfeilbrytar.
Energiøkonomi
Bustadane vert bygde etter TEK17-standard, noko som inneber mellom anna svært lave "driftskostnadar". Balansert ventilasjon med varmegjenvinnar bidreg med å gjenvinne om lag 85 % av varmen frå lufta som er på veg ut av huset. Vannbåren varme i stove/kjøken, på bad og i gang gir ein behageleg varme i bustaden.
Carport
Bustadane kan leverast med carport med sportsbod på om lag 5 m2. Det kan også byggast enkle sportsboder utan carport, ta kontakt for pris på dette.
Generelt:
Bustadene vert levert etter Blink Hus Søre Sunnmøre sin nøkkelferdige standard.
Det som ikkje er inkludert er; nedvask av bustaden før innflytting, kvite- og brunevarar, dusjkabinett/veggar og belysning m.a.
Beliggenhet
Blink Hus Søre Sunnmøre
Hadarhus / Blinkhus Søre Sunnmøre
Utbygger
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.