Innkjøpsrådgjevar 100% fast - Innkjøp
Øygarden kommune - Innkjøp
- Frist 10.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Innkjøpsrådgjevar 100% fast - Innkjøp
Likar du å arbeide i team, på tvers av ulike sektorar og på ulike nivå i ein stor organisasjon?
Øygarden kommune styrkar si innkjøpsavdeling og søkjer no etter ein ny operativ innkjøpsrådgjevar.
Vi er kommunens eining innan anskaffingar og med deg på laget er vi eit team på 4 personar.
Innkjøp skal, gjennom gode og effektive anskaffingsprosessar og god kontraktsoppfølging, leggje til rette for at fellesskapets midlar utnyttast på best mogleg måte. Eininga er lokalisert på rådhuset på Straume og ligg til kommunalsjefområde Finans og økonomi.
Arbeidsoppgåver:- Gjennomføring av offentlege anskaffingar innanfor gjeldande lovverk
- Rettleiing og rådgjeving om lov og forskrift om offentlege anskaffingar, medrekna kontraktsforvaltning
- Klage- og innsynshandtering
Må ha:
- Høgare utdanning tilsvarande master innan økonomi, juridiske eller samfunnsvitskaplege fag. Kravet til master kan fråvikast ved dokumentert solid kompetanse og erfaring innan fagfeltet.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- God erfaring med gjennomføring av offentlege anskaffingar.
- God erfaring med kontraktsforvaltning.
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå forhandling.
- Erfaring frå bygg- og anleggsanskaffingar, og god kjennskap til relevante NSar.
Personlege eigenskapar:
- Stor arbeidskapasitet
- Du må like å arbeide i dybda med dokument og kunne setje deg raskt inn i ny informasjon, samstundes som du har evne til å løfte blikket og sikre framdrift i prosessar.
- Sjølvstendig, tydeleg, tillitsskapande og i stand til å ta slutningar
- Framoverlent, nysgjerrig og fagleg engasjert
- Tar initiativ og arbeider målretta og strukturert
- Analytisk og løysningsorientert
Vi ser etter personar som passar godt inn i det eksisterande arbeidsmiljøet og som kan vere ein god ambassadør for eininga. Det vil bli lagt særskild vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Høve for heimekontor
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA- verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn foropplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verte ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling
Nøkkelord
innkjà  à ¸psrà  à ¥dgjevar, innkjøper, innkjøp, innkjøpsrådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329776863
- Sist endret