Bildegalleri
Ann Kavli: "Akvatinter". Dikt
Beskrivelse av varen
Ann Kavli: "Akvatinter". Dikt
Samlaget, 1996.
*** Fra forfatterens egen hjemmeside:
Fødd på Åndalsnes 1960. Bur i Oslo.
* Utdanning:
Strykejernet Kunstskole i Oslo, 1998.
Forfattarstudiet i Bø, 1990.
2-årig Media- og journalistikk, film - DH i Volda, 1986.
Adjunkt med norsk grunnfag - Lærarhøgskulen i Volda, 1984.
Har tidlegare jobba som journalist, redaktør, filmprodusent og informasjonsleiar.
Orginal og personlig språkbeherskelse
"Ann Kavli er ein forfattar som viser orginal og personlig språkbeherskelse", skreiv kritikarar m.a. om romanen Delfinens Smil då den utkom i 1995.
Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Noko skal hende deg, ei diktsamling som vart lagt merke til i det litterære miljøet.
Ann Kavli har skreve dikt og romanar for vaksne, men òg dikt og drama for barn og ungdom. Hennar drama, Spøkelset som ikkje ville spøke, er innkjøpt av Fondet for Ny Norsk Dramatikk.
I 1996 var ho invitert som ei av sju nye litterære stemmer til Dei litterære Festspela i Bergen, saman med festspeldiktaren Herbjørg Wassmo.
Ho har halde fleire skrivekurs for barn, ungdom og vaksne, mellom anna ved Folkeuniversitetet i Oslo.
Ann Kavli er ein av inititativtakararne til FORFATTERNE KOMMER!, som arrangerer litterære program m.m. på Josefine i Oslo.
** BIBLIOGRAFI
Noko skal hende deg, dikt, 1991, Samlaget
Fire fargar seinare, roman, 1993, Samlaget
Mor og barn, diktantologi, 1993, Aschehoug
Delfinens smil, roman, 1995, Samlaget
Natt i Nytt hus, antologi, dikt for barn og ungdom, 1995, Samlaget
Akvatinter, dikt, 1996, Samlaget
Dikt om kjærlighet, diktantologi, 1996, Orion
Spøkelset som ikkje ville spøke, dramatikk for barn, bestillingsverk til Vossa-Jazz av Voss kommune, 1997. Innkjøpt av Fondet for Ny norsk Dramatikk.
Alt er som det skal vere, roman, 1998, Samlaget
Dette seier vi ikkje til nokon, (7 scenebilder), dramatikk for vaksne, basert på bildekunstnaren W. Kandinsky si diktsamling Klãnge. Bestillingsverk for X-ania Teater, Oslo 1998. Manusutviklingsstøtte frå Norsk Kulturråd.
Å hekle ein laks, dikt, Samlaget, 2000.
*** Fra min private samling. Overlevering kan avtales på Nøtterøy eller i Oslo sentrum (jeg er der av og til). Ved postforsendelse betaler kjøper porto.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 16.11.2024, 22:47 ・ FINN-kode: 335109183