30 kr
![Are Kalvø. Hyttebok frå helvete](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2023/11/vertical-0/04/5/327/255/195_1663985885.jpg)
Boken "Matminne frå mors kjøkken" av Trude Teige. Utgitt i 2016. 144 sider.
Selges for 50,- kroner
Porto: 69,- kroner (Postnord)
"Sanselege minne... Lukt og smak gjer minna frå barndom og oppvekst sanselege: Sveler som mor pakka inn i smørpapir og kasta ut til oss ungane som leika i snøen, kveldsturar på sjøen saman med far, lukta av kjøt eller fisk som hang til tørk, bærplukking i skogen, lefsebaking til jul.
Denne boka handlar om tradisjonell norsk mat, skapt av formødrene våre, og er difor også ei bok om kvinnehistorie, matkultur, tradisjonar og identitet. Lat deg inspirere til å ta i bruk den norske matskatten og kjenn at lukt og smak gjer dine minne sanselege! I boka er det også matminne frå kjende personer, bl.a. Hilde Louise Asbjørnsen, Jan Åge Fjørtoft, Are Kalvø, Arill Riise, Kristin Krohn Devold, Fredrik Steen og Nils Petter Molvær."
--------------------------------------------------------------------------------------------------
Trude Teige er ein norsk journalist, forfattar, omsetjar og tidlegare programleiar for TV2. Som forfattar er ho kjend for krimromanane, med den gravande journalisten Kajsa Coren som hovudfigur, men ho har og skrive historiske romanar.
Trude Johanne Teige er fødd i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Ho er utdanna fagomsetjar i engelsk frå Agder distriktshøgskole (no Universitetet i Agder) i 1981–1984, samstundes som ho tok journalistutdanning i England i 1983. Teige arbeidde som salskoordinator i Bennex i Bergen i 1984–1985.
Teige har fleire års journalisterfaring frå nærradioar i Kristiansand og Bergen og har vore redaktør av Radio Motor. Ho var journalist i Radio BT (Bergens Tidende) og NRK Møre og Romsdal 1986–1991. Teige var tilsett i TV2 mellom 1992 og 2014. Ho arbeidde som politisk journalist, vaktsjef, nyhendeanker og har laga dokumentarprogram. Ho var programleiar for debattprogrammet Tabloid i 2008–2009 og hadde sitt eige program, talkshowet Trude, i 2010–2011.
Ho debuterte som forfattar i 2002 med den historiske romanen Havet syng, og har i ettertid vorte omsett til nederlandsk. Oppfølgjaren Lene seg mot vinden kom ut i 2004. Handlinga er lagd til Herøy på 1800-talet, der hovudpersonen Kristiane, som er dotter til den avdøde losen, utfordrar mannssamfunnet. I 2003 kom kokeboka Matminne frå mors kjøkken, med oppskrifter frå heimtraktene hennar.
I 2009 kom den første kriminalromanen hennar, Noen vet, med Kajsa Coren som hovudfigur. Hovudpersonen er den maktkritiske og gravande TV-journalisten Kajsa Coren, og emna er politikk og tidlegare barneheimsbarn. I den neste boka, En hjelpende hånd (2010), lagar Coren ein dokumentar om eldreomsorg på ein sjukeheim. Ein massemordar er på ferde, men drapsmetoden vekker ikkje mistanke eller set spor.
I den tredje kriminalromanen hennar, Svik (2012), må Coren mellom anna avdekkje mørke løyndommar som går heilt tilbake til krigsåra i ei lita bygd på Sunnmøre. I Jenta som sluttet å snakke (2014) blir overgrep i fortida avdekt gjennom etterforskinga av fleire drap, der Coren og hennar skadeskotne ektemann, som er Kripos-etterforskar, blir utsett for stor fare.
Med romanen Mormor danset i regnet (2015) vende Teige tilbake til den historiske romanen, som ei kvinne som nøstar opp mormoras historie frå slutten av andre verdskrigen. Det handlar om løyndommar, fortielser og kjærleik i ei fortidshistorie som blir avgjerande i notida. Romanen er basert på faktiske hendingar.
Kajsa Coren er tilbake i Pasienten (2017) i ei sak med forgreninger tilbake til ei forsvinning som Coren dekte som journalist. Med sterke skildringar frå Dikemark sjukehus og skremmande psykiatriske eksperiment har dette vorte ein sterk roman om ei nær fortid som kastar skugge inn i vår eiga tid. I Aldri tilgi (2019) arbeider Coren med ein TV-dokumentar om #metoo i Noreg, og får så vel seksuelle overgrep som ei forsvinningssak og drap å etterforske. Løgnere (2022) er også ein Kajsa Coren-krim. Kajsa lagar ein dokumentarfilm om venninna Anki, medan sambuaren, politiførstebetjent Karsten Kjølås, etterforskar funnet av eit skjellett. Det syner seg å vere samanheng mellom dei to sakene, men så blir Anki borte. Eit påtrengande spørsmål er korleis ein kan finne fram til sanninga når alle lyg – noko som er eit naturleg problem i alle etterforsking og her blir handsama på fint vis.
I 2008 fekk Teige Kringkastingsprisen. Teige har vorte nominert til Bokhandlarprisen for fleire av bøkene sine, og Pasienten vart nominert til Rivertonprisen i 2017. Mange av bøkene hennar er omsette til fleire språk.
Bibliografi:
Løgnere (Krim og spenning, Aschehoug, 2022)
Morfar pustet med havet (Roman, Aschehoug, 2021)
På åstedet (True crime, Aschehoug, 2020)
Aldri tilgi (Krim og spenning, Aschehoug, 2019)
Pasienten (Krim og spenning, Aschehoug, 2017)
Matminne. Frå mors kjøkken (Aschehoug, 2016)
Jenta som sluttet å snakke (Krim og spenning, Aschehoug, 2014)
Svik (Krim og spenning, Aschehoug, 2012)
Mormor danset i regnet (Roman, Aschehoug, 2012)
En hjelpende hånd (Roman, Aschehoug, 2010)
Noen vet (Roman, Aschehoug, 2009)
Lene seg på vinden (Roman, Samlaget, 2004)
Matminne frå mors kjøkken (Samlaget, 2003)
Havet syng (Roman, Samlaget, 2002)
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 12.7.2024, 09:47 ・ FINN-kode: 335984492
Betalt plassering