Bildegalleri
Skeide, moderne tomannsbustad med 6 rom og fantastisk havutsikt
Flott to-mannsbustad i etablert buområde, med fin utsikt utover Ulsteinfjorden og havet i Vest
Jarbryggjevegen, 6065 UlsteinvikPris på lån: fra 22 895 kr/mnd
Lånekalkulator fra 22 895 kr/mndEff.rente 6,36 %. 3 493 000 o/25 år. Kostnad: 3 375 500 kr. Totalt 6 868 500 kr.
LånekalkulatorEff. rente 12.73%. Eksempel: 130 000 kr over 5 år. Kostnad 43 382 kr. Totalt 173 382 kr.
Kort om prosjektet
Bustad i flott etablert buområde på Skeide, med fin utsikt utover Ulsteinfjorden og havet i Vest. Her kan du oppleve ein flammande solnedgang, ope og vakkert, hav og fjell rett utanfor stovedøra di med gangavstand til Ulsteinvik sentrum, eit triveleg nærmiljø med barneskule.
Prosjektets status
Planlegging
Prosjektet er klart for sal
Salgsstart
08.februar 2024
Byggestart
Planlagt medio mars/april 2024
Overtakelse
Planen er 4 kvartal 2024
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Tomannsbolig
- Etasje
- 2
- Soverom
- 4
- Rom
- 6
- Primærrom
- 126 m²
- Bruksareal
- 126 m²
- Energimerking
- B
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Dette er ei 6 roms bustad med fire soverom og to stove. Det er ein populær tomannsbustad frå Mesterhus. Huset er ein stor og moderne bustad med to opphaldssone med stove og TV-stove, fire soverom, kjøken, terrasse med glasrekkverk, bad, bod, garasje og sportsbod.
Bustaden har moderne utforming med lyse overflater og god kvalitet på materialar. Kjøken- og baderomsinnreiinga er levert av Hygge Design AS i Volda.
Bustaden ligg i eit etablert bustadområde med sentral plassering. Det er gå avstand til Ulsteinvik sentrum, barneskule, barnehage, butikkar, busstopp, rekreasjonsområde og leikeplass m.m.
ENKEL SKILDRING AV LEVERANSEN
Ferdigstilling
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift av 2017, og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer og belysning er ikkje inkludert.
Utvendig overflate
Bordkledninga vert levert med to strøk beis (eitt strøk grunningsfarge, og eitt mellomstrøk). Her må de rekne med å male det siste strøket som eigeninnsats. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnert materiale og glasrekkverk.
Innreiing/måling
Innvendige veggar leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonit. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvitmalte. Veggar og golv på bad er flislagde. På vaskerom vert veggane Huntonit veggplater, og på golvet er der flis. På golvet i alle andre tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat. Det er bod bak garasjen, og det vil vere tilkomst opp til bustaden. I boda vert plassering av V.V.T. og balansert ventilasjon. Veggane i boda er kledde med Huntonit, og på golvet er det flis.
Kjøken, bad- og garderobeinnreiing
Kjøken- og baderomsinnreiing er av type Nordsjø, Riga serien, levert av Hygge Design AS. Her kan de velje mellom fleire standardfargar. Kjøken- og baderomsinnreiing vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.
Røyrleggjararbeid
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet er i h.h.t teikning. Det som er stipla er ikkje med i leveransen frå Mesterhus, men er stipla inn for å vise mogeleg plassering. Til kvar bustad er det med utvendig vasskrane.
Ventilasjon og Oppvarming
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmings-utgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. I tillegg har bustadane vedomn og stålpipe.
Elektriske installasjonar
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. De skal ha eige møte med elektrikar, og der går de gjennom punktplassering i din bustad.
Energiklasse
Våra hus er i energiklasse B. Enkelte bankar gir rimelegare lån med denne energiklassa, såkalla grønne lån.
Uteplass
Leilegheitene har terrasse mot sør. Plenen leverast planert med masse frå tomta. De må rekne med å plukke stein i molda før såing. Interne vegar vert levert med asfalt.
Beliggenhet
Mesterhus - Tømrer Prosjekt AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.