Prosessoperatør
Engebø Rutile and Garnet AS
- Frist 15.7.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli med på historisk lokal mineralutvinning? Vi ønsker oss motiverte kollegaer til produksjon!
Engebø Rutile and Garnet AS er eit selskap i vekst og vi riggar oss for oppstart av produksjon hausten 2024. Teamleiar for prosess- og produksjon, Espen Kirketeig, treng difor endå fleire dyktige kollegaer til teamet sitt. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Vi skal produsere rutile og granat frå gruva på Engebø. Produkta vil i hovudsak bli eksportert. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil krevje ca. 100 tilsette.
I stillinga som prosessoperatør treng vi deg som er lærevillig, løysingsorientert og stadig jaktar den optimale løysinga. Det er fordel med bakgrunn frå industrien, men ingen krav til forkunnskapar. Du vil få ein variert arbeidsdag i lag med gode kollega som gjerne deler av sin kunnskap.
Dine arbeids -og ansvarsområde vil mellom anna vere:
- Prosessoperatør med oppgåver på kontrollrom og ute på anlegget.
- Bidra til at bedriftas retningslinjer for HMS til ei kvar tid blir overhaldt
- Bidra for kontinuerlig forbetringar i produksjon og prosess.
Det er ønskeleg at du har :
- Gode evne til å tileigne deg ny kunnskap
- Kunnskap om grunnleggande HMS-verktøy og prosessar
- Van med å bruke IT som dagleg arbeidsverktøy
- Sertifikat på truck og kran
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og muntleg
Om du er ung, gammal, kvinne, mann, eller kvar du er frå spelar ingen rolle! Vi heiar på mangfald, og vil oppfordre alle kvalifiserte til å søke uansett kjønn, kultur og tenkemåte då vi ser på dette som viktig for nytenking, utvikling og kvalitet i vårt arbeid. Arbiedspråk er norsk, difor er det ein fordel med gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk skriftleg og muntleg.
Arbeidstad er på Engebø i splitter nye kontor og produksjonsbygg. Det vil bli døgnkontinuerleg drift, der det blir satt opp ei god 5 skiftsordning. Ænsker du helst å kun jobbe dagtid? Då har vi 4 ledige stillingar som vil få eit ekstra ansvar for forbedtringsarbeid, lastesystem på båt og internopplæring.
Vi opptrer profesjonelt og er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal vere av dei beste på å utvikle våre tilsette, og har fokus på balansen mellom jobb og fritid.
Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du ønsker å prioritere.
Vi skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord! Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Spennande? Ja, då er det bare å hive seg rundt og sende inn ein enkel søknad. Om du er introvert eller ekstrovert spelar ingen rolle så lenge du er motivert og har lyst til å utvikle deg, samt har eit sterkt ønske om å bidra til forbetring!
Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål til stillinga eller korleis det er å jobbe i Engebø Rutile and Garnet.
Vi ser fram til å sjå din søknad i vår innboks!
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile & Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 10
- Sted: Engebø, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Geologi/Fysikk/Kjemi, Produksjon, Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
Nøkkelord
prosessoperatør, prosessteknologi, produksjon, mineralindustri, Nordic Mining
(1/3)
- FINN-kode 342299050
- Sist endret