Bildegalleri
Fossegrimen og Veien Frem (v/ Torolv Solheim)
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt
Det vensteradikale tidsskriftet Fossegrimen, seinare Veien Frem, vart gitt ut av Torolv Solheim. Undertittelen var Emne frå samfunnsliv, historie og litteratur. Og slik var det! Om Solheim og desse to tidsskrift-titlane finst det ein del stoff på nettet.
Eg sel desse -23- utgåvene samla for 880,- kr, enkeltnummer for 55/stk, minus 2-3-4/ 1968, som var det absolutt siste numret. Det tek eg 100 for, som enkeltnummer, og med det blir prisen samla pris 950 (altså framleis med rabatt). Helst sel eg dei samla.
Dette er utgavene eg sel:
a) Fossegrimen: 1/1957, 5/1957, 1/1958, 2/1958, 3-4/1958, 6/1958, 7-8/1958, 1/1960, 2/1960, 3/1960, 1/1961, 1/1967, 4/1967, 1/1968
b) Veien Frem (undertittel Fossegrimen): 2/1962, 3/1962, 4/1962, 5/1962, 6/1962, 1/1963, 2/1963 - ikkje veit eg korfor tidsskriftet skifta namn ei tid, før det vart Fossegrimen att.
c) Vegen fram 1/1953, redaktør K.E. Gullvåg. Dette skil seg ut, det har same profil som Fossegrimen, men altså ein annan redaktør. Undertittelen er Pasifistisk tidsskrift, og det er gitt ut i Oslo, ikkje Risør som Fossegrimen. NB! Her finn vi diktet Du eig ikkje lykka ... av Tor Jonsson.
Så, etter at eg skreiv denne lista, oppdaga eg at eg har den absolutt siste utgåva av Fossegrimen. Det er nr. 2-3-4/1968, og ber undertittelen '1954-1969. Med dette heftet om minoritetsspørsmål går Fossegrimen inn etter 15 år." Utgåve er på om lag 135 sider, like fint som dei andre, og kostar altså 100,- åleine. Det fører til at samla pris blir 950,-. Akkurat denne utgåva kostar som enkeltutgåver 100,-.
Alle utgavene er i svært god stand. Eg sel altså alle 23 , for 800 samla, det gjer eg helst, og 55 for enkeltutgåver, med eitt unnatak. Sjå over. Porto kjem attåt, og eg sender med Posten Noreg.
PS: Det er muleg at eg har rota litt med bilda, for det er ikkje så lett å sjå forskjell når ein bruker mobil. Men det er alt i alt 23 utgåver, den siste har eg ikkje tatt bilde av, og alle er pent behandla.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 23.6.2024, 04:10 ・ FINN-kode: 349234102