10 000 kr
![Renraset Whippet hund omplasseres](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2024/6/vertical-0/15/4/357/329/944_86bb1ac8-34d9-4c3e-949d-14fe005eff7b.jpg)
Etter om lag 17 år som dedikert whippet-eigar og stor entusiast for rasen fekk Kennel Skimmernatten sitt første kull 06. mai. Valpane er leveringsklare frå 01. Juli. Eg er fleksibel med tanke på leveringstidspunkt. Eg også kan passe valpen for deg når du er på ferie. Av 6 hanner er det 1 hann som er ledig. Aramis er ein herlig, smårampete og robust type. Eit godhjerta bøllefrø😅. Han kan passe både som einmannshund og i familie. Aramis er ein vakker gutt som eg ønskjer blir vist på utstilling. Er du interessert i Aramis, men ikkje i utstilling, kan du likevel vere aktuell om du ikkje bur for langt unna meg. Då kan eg ta han med meg på utstilling saman med mine andre hundar. Aramis er testa av NKK-godkjent instruktør ved 7 vekers alder. Aramis blei vurdert som litt tøffere type, fin lek, fin hund.
Dersom du kjenner til rasen frå før, er dette rasetypiske foreldre med utmerka gemytt og flott eksteriør. Har du ikkje erfaring med rasen frå før, men er interessert i meir informasjon må du gjerne ta kontakt. Eg gir livslang oppfølging av valpene, og gler meg til å få følge dei vidare på livsreisa deira i ny heim.
Far til kullet er HE JW Brilliant Pearls Hot Policeman (Zero). Han ein vakker og trivelig gutt som er omgjengelig og liketil både heime og ellers. Han har alltid vore frisk og rask, og lever eit godt og aktivt liv saman med ein annan whippet-hann. Han er veldig glad i menneska sine, og er svært begeistra for barnet i heimen. Zero er ein flott og elegant herremann som har gjort det godt på utstillinger, og blant anna blitt junior-vinnar i Finland.
Mor til kullet er Siprex Bodil (Luna ). Luna er ei frøken som både er trivelig, aktiv og ukomplisert. Ho er familien sin moro-makar som gir oss ein god latter kvar dag. Luna har alltid hatt god helse. Ho bur saman med to andre whippet-tisper. Luna er svært glad i å vere saman med familien sin, og spesielt datter mi og venene hennar. Ho er sparsomt utstilt då ho ikkje trivast i ringen. Ho er øyelyst U.A. og gentestet U.A. Dette er hennar første kull.
Litt kort beskrivelse av rasen whippet:
Whippet er ein rase som stadig fleire viser interesse for. Ein whippet er ein morosam og lojal kamerat som er med på det meste av aktivitetar. Den elskar å være med på tur, slappe av i sofaen og ikkje minst vere saman med familien sin. Kjøper du deg whippet må du rekne med aktiv «stalking», den er alltid i nærheten av deg :). Dei har ofte god «av-knapp inne», og «på-knapp ute». Det vil seie slapper av på sofaen inne, og løper full fart ute. Ein whippet i fri utfoldelse i terrenget er eit vakkert syn. Dens fart og eleganse kan gjere ein mållaus.
Whippet er ein rase med stort behov for å løpe frå seg jevnlig. Det betyr at den må "springe frå seg» i full fart iallfall eit par gonger i veka. Når det er sagt, så held det med nokon raske rundar på en trygg plass. Det inneber at den ikkje har behov for timeslange turar kvar dag, men ønskjer du det er den gjerne med. Whippet er opprinnelig ein jakthund og det er viktig å ha dette i tankane når dei er uten bånd, då rasen framleis har instinkta rimeleg intakte.
Det er ein lettstelt rase med minimalt med pelsstell. Den likar å ha det varmt og godt, og mislikar sterkt å fryse. Den kan gjerne bli med på skitur, men å tilbringe eit liv i hundegård eller å ligge på kaldt golv er uaktuelt, og er også under deira verdighet å leve slik 😅.
Eg søkjer etter gode, solide og varige heimar til valpene. Du bør difor ha tenkt nøye gjennom kvifor du ønskjer deg hund og kva slags liv du kan tilby ein hund dei neste 12- til 15 åra.Eg legg ned mykje arbeid for å gi valpane ein trygg og god start på livet. Dei blir sosialiserte med barn og vaksne, og ikkje minst med andre hundar. Mitt mål er at dei skal bli trygge, sosialt kompetente og velfungerende hundar, sjølvsagt kombinert med dei raserypiske eigenskapane som kjenneteiknar whippet. I tillegg til dette er sjølvsagt ei god fysisk helse viktig, og ingen av foreldra har kjente sjukdommar eller lyter.
Kennel Skimmernatten held til 1 time frå Haugesund. Valpane blir sjølvsagt levert med stamtavle. Dei er vaksinert, chippa, gitt markkur og har veterinærattest. Valpepakke følgjer også med, og inneheld informasjon og utstyr til valpen. Ta kontakt om du er interessert i å vite meir:). Mobil 47383203. Har du lyst til å følge kullet sin utvikling har eg oppretta ei Facebook-gruppe kor det vil bli lagt ut bilder og informasjon undervegs. Lenke til gruppa ligger her:
https://www.facebook.com/groups/1693318801205237?locale=nb_NO
Du finner meir informasjon om kombinasjonen ved å trykke på lenka med stamtavle til kullet:
https://whippet.breedarchive.com/animal/testmating?dam_uuid=e81b4e3e-babf-4158-9762-67b9c7341b05&sire_uuid=3234e229-205a-4647-bd44-0c8dc2cc10d1
#whippet #mynde #whippetvalper #Sighthound #breeder #oppdretter #whippetvalper #whippetpuppies #puppies #NKK #myndeklubb #whippetklubben #hundeeier #whippets
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingFå 20% på blandingshundforsikring
Veterinærforsikring dekker opptil 90 000 kr
Sist endret: 6.7.2024, 21:58 ・ FINN-kode: 351821135