Psykologspesialist
Helse Bergen
- Frist 30.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist til FACT allmenn-team
Vil du vere med å utvikle eit nytt og spennande poliklinikktilbod saman med Bergen kommune?
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass, har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda, og er eit DPS i kontinuerleg utvikling. Vi er heile tida opptatt av å tilpasse oss behova i befolkninga. Vi har allereie eit robust og veletablert FACT psykose-team, og er i gong med å etablere eit FACT allmenn-team i tett samarbeid med Bergen kommune.
Etat for psykisk helse og rustenester i Bergen kommune har ansvaret for kommunale helse- og omsorgstenester for menneske over 18 år. Etaten er organisert i fire byområde for psykiske helsetenester, tre einingar for byomfattande rustenester, eining for forvaltning, eining for institusjonsplassar og eining for Rask Psykisk Helsehjelp. Det er eininga Psykisk Helse Bergen Sentrum og Psykisk Helse Bergen Sør som saman med Kronstad DPS no etablerar eit FACT allmenn-team.
FACT allmenn-teamet vil vere det første av sitt slag i vår region, og skal dimensjonerast for å kunne ivareta dei pasientane i allmennfeltet som har store og samansette behov og som ikkje evnar å nyttiggjere seg dei eksisterande tenestetilboda i spesialist- og primærhelsetenesta. Målet er å etablere eit godt, tverrfagleg og robust team på tvers av forvaltningsnivåa.
FACT allmenn-teamet skal gje tilbod om tenester etter spesialist- og kommunehelsetenestelova til personar over 18 år som har ei alvorleg psykisk liding. Teamet vil bestå av tilsette frå begge forvaltningsnivå. Teamet skal arbeide etter FACT-modellen, (Flexible Assertive Community Treatment), som kan omsettast til fleksibelt, aktivt og oppsøkande behandling. Teamet skal gje både poliklinisk og oppsøkande behandling. I kritiske fasar skal eit FACT-team kunne intensivere oppfølginga for å kunne førebygge kriser, hindre at pasienten må innleggast og bidra til å stabilisere ein vanskeleg situasjon.
Vi søker no etter psykologspesialist som skal bidra med å realisere prosjektet, med utforming av teamet, utvikling av fagleg profil og den kliniske verksemd. Teamet prosjektorganiserast (førebels i 4 år med plan om varig drift), finansierast og driftast av Kronstad DPS og Bergen kommune - i eit 50-50 samarbeid. Det er søkt om og innvilga tilskotsmidlar frå Statsforvaltaren. Alle arbeidsprosessar og drift skal skje i tett samarbeid med kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Bidra i arbeidet med å utarbeide fagleg profil og behandlingsfilosofi i tråd med prosjektbeskrivinga
- Ha spesialistansvar for pasientar i teamet, inkludert utgreiing, diagnostisering og behandling
- Poliklinisk og ambulant, oppsøkjande behandling og rehabiliteringsarbeid av vaksne pasientar med alvorleg psykisk liding
- Arbeid i tverrfagleg team etter FACT-modellen
- Rettleiing til og samarbeid med det lokale hjelpeapparat, undervisning og nettverksarbeid
- Samhandling med øvrige kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
- Som universitetsklinikk har vi jamnleg studentar i praksis, og i føretaket utdannar vi psykologar og legar i spesialisering. Rettleiing av desse er ein del av dei arbeidsoppgåvene spesialistane i DPSet må pårekne
- Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet, både internt og eksternt, vil vere ei viktig arbeidsoppgåve. Det same gjeld samarbeid med pårørande og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgivar
Kvalifikasjonar
- Spesialist i klinisk psykologi
- Brei klinisk erfaring frå psykiatri/rus og arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og/eller det kommunale tenesteapparatet
- Klinisk erfaring innanfor ein allmennpsykiatrisk/poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel
- Erfaring i akuttarbeid og krisehåndtering, samt arbeid med samansatte problemstillingar
- Krav om førarkort klasse B
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, initiativrik og engasjert i pasientar med alvorlege psykiske lidingar
- Du er løysingsorientert og taklar stressande situasjonar med tryggleik, ro og fagleg haldning
- Evne til å kunne ta imot og gje tilbakemeldingar i opplæringsøyemed, i form av til dømes kollegaveiledning
- Du har gode evner til kontaktetablering, har tolmod og evne til å jobbe målretta og strukturert
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø, har omsorg for deg sjølv og for andre
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team vert vurdert som særleg viktig – teamet skal jobbe tverrfagleg og den som vert tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag
- Personleg eignaheit som toleranse for høgt tempo og for periodar med høgt stressnivå, endringsvilje knytt til arbeidsoppgåver og tenestemottakargruppe, blir særleg vektlagt
Vi tilbyr
- Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar
- Gode høve til personleg og fagleg utvikling
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og verktøy til å meistre dei
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykologspesialist, FACT allmenn-team, Kronstad DPS
- FINN-kode 354908283
- Sist endret