5 100 kr
![Boosted mini x](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2024/4/vertical-0/21/6/349/550/536_c4a502f4-4ef6-4668-9b68-ef9b1dc2147a.jpg)
Tilstand: Brukt
No er det på tide for meg å selje Boosted Board V3 Plus-breittet mitt.
Breittet har vore i mitt eige heilt sidan det var nytt. Undervegs har eg bytta XR-batteri, begge motorane og ESC-en. Då eg bytta ESC kjøpte eg ein Boosted Stealth ESC frå The Boosted Guys, så breittet har alle fem modusane tilgjengeleg. Servicedelar som kulelager har vore bytta når det har vore behov og elles har breittet sett normal bruk for eit elektrisk longboard. Breittet har forventa bruksmerker etter fleire sesongar med bruk. Sjå bilete. Det fungerer som normalt og står på lading til alle tider (i samsvar med anbefalinga frå Boosted). Batteriet har lyst ei feilmelding om at det er for kaldt, dersom det har vore for kaldt i rommet. Då har eg vanlegvis berre tatt ut ladaren og satt den på igjen så har alt vore i orden.
Det som fylgjer med er:
- Originalembalasjen (boksa)
- Ein reserve Stealth ESC frå The Boosted Guys utan feil
- Eit servicekit med batteripluggverktøy, skruar og pipeverktøy
- Eit par med originale belter
- To par nye Romp-belter
- To par brukte belter pluss litt andre slitte belter
- Ein ekstra originalladar
- Eit sett med nye kulelager
- Original ESC med softwarefeil
- Ein fungerande motor men med litt slitte tenner
- Ein defekt motor
Eg skriv annonseteksten etter beste evne, med forbehold om feil. Breittet seljast som det er og dessverre utan garantiar på grunn av alder.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 12.6.2024, 10:32 ・ FINN-kode: 355354018