Overlege psykiatri
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 01.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Overlege psykiatri
Er du psykiater, eller snart ferdig med spesialiseringa, og på utkikk etter nye utfordringar? Då kan det vere verdt å stoppe opp her!
Vihar ledig stilling som overlege/ psykiater ved Avdeling for sykehuspsykiatri Sunnmøre - Seksjon for Akutt psykisk helse frå snarast/startdato kan avtalast.
Seksjon Akutt psykisk helse Ålesund er delt i to team, Team A og Team B som samarbeider tett. Team A er psykiatrisk mottak ved Ålesund sjukehus og team B har en subakutt funksjon. Vi er no i ein prosess med å få samla Akuttpostane i ei eining og i nye lokaler, det vil då ikkje vere oppdelt i to team slik som det er per i dag. Det er utarbeida planar for korleis denne seksjonen skal vere. Vi går inn i en spennande prosess med å få samla fagmiljøet og bygge opp ei sterk akutteining her i avdelinga.
Seksjonen tilbyr oppstart av behandling i akutte fasar av alvorleg psykisk sjukdom. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld forøvrig 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Team A og Team B, som kvar har 6 senger, Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering. Akutt psykisk helse Ålesund har 4 overlegestillingar fordelt på de to teama. Team A, som denne stillinga er knytta til, har allereie ein svært dyktig overlege, men han treng no ein ny kollega.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Mottak, utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering av mennesker i akutt krise
- Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfaglig samarbeid
- Individualterapi og pårørandesamtalar
- Deltaking i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent norsk spesialitet innan psykiatri
- Vi ynskjer ein psykiater med erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
- Det er ynskjeleg at du har brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien
- Du må meistre norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som er nytenkjande og endringsorientert
- Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollega
- Du er ein miljøskapar der det faglege- og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
- Du er ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Du har evne til å tåle stress og stå i krevande situasjonar
- Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø
- Du har interesse for forbetringsarbeid/forskning innan akuttpsykiatri
- Personlig eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege / Psykiater, Lege / Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
- FINN-kode 355901546
- Sist endret