Bildegalleri
Kyosho Psycho Kruiser VE 2.0
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt – Synlig brukt
Skal selge denne bilen sidan den ikkje vert brukt like mykje som den fortjenar. Onkelen min anbefalte Kyosho fordi det var god kvalitet og lett å finne delar til, og det har han hatt rett i. Eg har klart å køyre ganske fint, men når uhellet først har vore ute er det kjempelett å finne delar. Det følg med ei bruksannvisning med "exploded view". Det vil seie at ein ser alle delane og kor dei skal vere på bilen, samt delenummer.
Eg kjøpte bilen i ukøyrbar stand, og har fiksa den opp, samt kjøpt delar ein ikkje tenkjer på at ein treng. Til dømes har eg innvestert i nokre relativt dyre 1/10 dekk, både asfaltdekk og knastedekk til terreng. 1/10 dekk er litt mindre enn dei dekka som eigentleg bilen er beregna på, men ein får litt betre akselerasjon og litt dårlegare toppfart. Toppfarta på denne er 80 km/t om ein skal stole på internettet. Eg har aldri nådd toppfart, fordi eg ikkje har plass til å teste det. I tillegg har eg eit ekstra sett med gamle 1/8 dekk som ein kan slite ut om ein vil drifte f.eks.
Det følg med 2 store 6 celle LiPo batteri på 4.500 milliamper timar. 6 celle batteri er spreke for å seie det mildt. Dei held relativt lenge, og eg har gått lei før dei er tomme. Eg har også ein ladepose, som er branntett. Om ein er så uheldig at det begynn å brenne i batteria, så er det litt tryggare med ein slik pose. I tillegg har eg også ein dyr og god ladar der ein kan lade 2 batteri samtidig og sjå korleis dei ladar individuelt. Ein veldig trygg og god ladar. Den målar og ladar alle cellene individuelt, så den får alle opp på same nivå før den ladar vidare. Det er også forskjellege ladeinstillingar. Eg har berre brukt 2 av dei. 1 for å lade fullt og 1 når batteria skal lagrast. Då vert dei lada opp til lagringsspenning og batteriet held seg lengre og tryggare. Det følg også med ein annan ladar som eg aldri har brukt. Den er sikkert trygg den også, men brukar heller den store dyre ladaren når eg har den.
Om ein skal kjøpe ein rc bil er det altså ikkje berre bilen som kostar, men også tilleggsutstyr som batteri, ladar og dekk. Det følg med her, samt litt ekstradelar. Dette er "plug and play", om eg kan seie det på den måten. Ein har alt til å kose seg ganske mange timar her.
Det er berre å ta kontakt for ein hyggelig prat om du har spørsmål, vil ha fleire / betre bilder, vil slå til på denne bilen eller andre ting som eg ikkje har tenkt på 😀
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 4.10.2024, 11:31 ・ FINN-kode: 356157937