28 990 kr
![Kampanje på Infrarød Badstu / Sauna fra ArcticPro](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2023/9/vertical-5/20/1/320/498/471_1181218995.jpg)
Tilstand: Ny
Badstu frå Tylö for ein person. Aldri brukt. Montert innandørs. Må demonterast.
Badstua kjem komplett: ovn, innandørs panel, tak, benkar og badstustein. Det følger med installasjons/bruksanvisning. Er usikker på om golvet er del av badstupakken, det ser ein først når ein demonterer.
Badstua var i leiligheta då eg flytta inn og monteringa er gjort av handverkarfirma i løpet av dei siste åra men eg er usikker på akkurat kva årstal. Den er ikkje kopla til straum.
Modellen heiter Compact 2/4 slik det ser ut på bruksanvisninga, men det virkar som denne modellen er gått ut av produksjon. Den er liten og passar til ein person, flaten på golvet er 1x1 m. Det følger med ein del ekstra plank som tyder på at badstua kan utvidast i storleik når den vert montert på nytt.
Prisen er langt under kva den kostar å kjøpa ny med alt tilbehør, etter kva eg ser. Men den må altså demonterast og fraktast av kjøpar, eller i kjøpars regi. Så er du nevenyttig og kan demontera sjølv, er det god sjanse for å gjera eit skikkelig badstu-kupp her.
Bør ses før kjøp.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 7.6.2024, 10:33 ・ FINN-kode: 356161915