Formidlingspedagog
Hardanger fartøyvernsenter
- Frist 7.7.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeida med å formidla tradisjonshandverk og maritim historie? - Bli vår formidlingspedagog
Me har ledig 100% fast stilling som formidlingspedagog på museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter (HFS).
Som formidlingspedagog vil du ha varierte oppgåver knytt til formidling på museet, frå kontakt med gjester, grupper og skuler, planlegging og gjennomføring av arrangement og kurs. I høgsesongen vil du ha fagleg oppfylging av sesongtilsette og i periodar stå i turnus saman med dei.
Du vil utforma og tilpasse formidlingsopplegg om maritimt handverk og kystkultur til ulike mål- og aldersgrupper. Mellom anna har me fire faste Den kulturelle skulesekken-opplegg (DKS) frå andre til åttande trinn. HFS er alternativ opplæringsarena for Kvam herad. I samband med det vil du eit ha tett i samarbeid med skule og PPT, og ha ei viktig rolle i organiseringa og det pedagogiske arbeidet. Som formidlingspedagog vil du arbeida for at gjestene våre har gode opplevingar og besøk – frå første kontakt til gjennomført formidlingsopplegg. Det vil vere noko kvelds- og helgearbeid ved enkeltarrangement som til dømes føredrag, konsertar og kurs.
Du vil arbeida tett saman med formidlingsrådgjevar og avdelingsleiar om utvikling av heile publikumstilbodet ved museet. Hardanger fartøyvernsenter er i ei utviklingsfase det neste året, med nytt publikumsbygg som er planlagt ferdig i 2025.
Me kan tilby:
Varierte og spanande arbeidsoppgåver ved eit aktivt museum som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid. Blant engasjerte kollegaer vert du del av ein mangfaldig arbeidsplass som alltid er i rørsle.
Hardanger fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Løn etter avtale og i samsvar med «Landsoverenskomsten for museer og andre Kulturinstitusjoner».
Kvalifikasjonar:
- Høgare relevant utdanning på bachelor eller masternivå.
- Realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
- Pedagogisk kompetanse og erfaring
Det er ein fordel om du har:
- kunnskap om kulturvernfeltet generelt, og fartøyvernfeltet spesielt
- erfaring med båt i bruk, handverk, og kystkultur
- digital kompetanse
- lokalt nettverk og kjennskap
Personlege eigenskapar:
- Engasjement og interesse for kystkultur og tradisjonshandverk
- Serviceinnstilt og glad i folk
- Lærevillig, fleksibel og kreativ
- Strukturert, med god gjennomføringsevne
Om du er kreativ, nyfiken og lærevillig, og kanskje til og med har bakgrunn frå det maritime kulturfeltet, oppmodar me deg til å søkja. Personlege eigenskapar er likevel viktigast.
Museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter har ei allsidig drift. Me forvaltar tradisjonell maritim handverkskunnskap, fartøy og båtar, og driv formidling til eit breitt publikum i form av aktivitetsbasert formidling, utstillingar, omvisingar, undervisningsopplegg og kurs. Me leiger ut båtar og fartøy og driv kafé og servering. Museumsavdelinga har om lag 10 fast tilsette, og fleire sesongtilsette.
Om arbeidsgiveren
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv museum, restaurering av verneverdige fartøy og bygg, vern og vidareføring av gamle handverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde. Senteret er del av Hardanger og Voss museum, ligg i Norheimsund og har kring 40 tilsette.
Hardanger fartøyvernsenter er ein del av Hardanger og Voss museum.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandvenvegen 56, 5600 Norheimsund
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Museer, gallerier og kulturminne, Annet
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger, Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Me har me fire faste DKS-opplegg frå andre til åttande trinn. (1/4)
- FINN-kode 356752635
- Sist endret