100% fast stilling som prosjektleiar
Bjørnafjorden kommune Prosjekteininga
- Frist 27.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer prosjektleiar som er dyktig, kreativ, initiativrik, allsidig og har gode samarbeidsevner.
Stillinga som prosjektleiar er organisert under prosjekteininga, som er ein av fleire einingar i sektor for samfunnsutvikling. I denne sektoren utviklar vi lokalsamfunn, infrastruktur, næringsliv og fritidsaktivitetar kort og godt utviklar vi kvardagen til innbyggarane i Bjørnafjorden.
Alle investeringsprosjekta på teknisk side er samla i prosjektavdelinga. I vår portefølje har vi fleire spennande prosjekt bl.a. innanfor skule, barnehage, helseinstitusjonar og infrastruktur (veg, vatn og avløp). Som prosjektleiar i Bjørnafjorden kommune får du stor frihet og påvirkningskraft.
Bjørnafjorden kommune har omlag 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov, og som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet.
Arbeidsoppgåver
Prosjektleiar får totalansvar for prosjekt, herunder tilbodsinnhenting, inngå kontrakt med prosjekterande og utførande entreprenørar, samt styre kommunen sin interne ressursbruk. Prosjektleiar følgjer prosjekta frå idèfase til overlevering og står ansvarleg for økonomi, framdrift, kvalitet og SHA/HMS. Du vert ein del av ei spissa prosjektavdeling som arbeider målretta mot utvikling, transformasjon og forvaltning.
Kvalifikasjonar
- minimum 2-3 års prosjektleiarerfaring (fortrinnsvis frå samferdsle-, anlegg og/eller VA-område)
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule
- lang relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning
- førarkort klasse B
- erfaring frå byggherresida er ein fordel
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi ser etter deg som
- er sjølvstendig, har fleksibel innstilling og er løysningsorientert
- er strukturert, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er open for utfordringar, er ein god og positiv støttespelar i teamarbeid
- har gjennomføringskraft og gode personlege eigenskapar for stillinga
Vi tilbyr
Varierte, utfordrande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver.
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Annet
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
Nøkkelord
prosjekt, prosjektleiar, prosjektleder, prosjektavdelinga, leiar
- FINN-kode 356906904
- Sist endret