Teamleiar - vikariat 100 % ved Miljøarbeidartenesta
Austevoll kommune
- Frist 4.8.2024
- Ansettelsesform Vikariat
har ein spennande stilling ledig som
Teamleiar - vikariat 100 % ved Miljøarbeidartenesta
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsettfunksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenstaer knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen.
Om stillinga
Teamleiar stillinga er ledig frå snarast, med varigheit til 20. august 2025. Stillinga kan bli forlenga.
Teamleiar vil ha både fagleg og adminstrativt ansvar for eininga inkludert personalansvar. Næraste overordna ansvarlig er einingsleiar som teamleiar rapporterer til og kommuniserer med. Teamleiar inngår i einingsleiar sitt leiarteam.
Om stillinga
Teamleiar stillinga er ledig frå snarast, med varigheit til 20. august 2025. Stillinga kan bli forlenga.
Næraste overordna ansvarlig er einingsleiar som teamleiar rapporterer til og kommuniserer med. Teamleiar inngår i einingsleiar sitt leiarteam.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
- Fagleg og administrativt ansvar for einiga inkludert personalansvar
- Ansvar for systematisk fagleg oppfølging, rettleiing og utvikling av tilsette
- Ansvar for koordinering av tenestetilbodet kring den einskilde tenestemottakar i samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
- Sikre at prosedyrar og retningslinjer i høve til vedtak om tenester vert fylgt opp
- Deltek i aktuelle nettverk for å bidra til utvikling av tenesteområdet
- Deltek i samhandling med aktuelle samarbeidspartnarar
- Samarbeid med tildelingskontor i høve til vurdering av tenester kring den enkelte tenestemottakar
- Koordinator ansvar for individuell plan og delegering av koordinatorrolla til aktuelle tilsette
- Tett samarbeid med anna teamleiar i eininga samt miljøterapeutgruppa
- Arbeid med turnus og arbeidsplaner
- Rapportering til leiar
- Teamleiar må ta aktiv del i miljøarbeid ut frå arbeidsplan og elles ved behov
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som vernepleier/sjukepleiar
- Vidare/etterutdanning i fag/leiing
- Erfaring med brukergruppa
- Gode datakunnskaper og kjennskap til elektronisk journal
- Godt kjennskap til lovverk som regulerer tenestene og forvaltning
- Førerkort klasse B
- Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
- Internasjonale gradar må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Personlege eigenskapar
- God til å samarbeide og har gode kommunikasjonsevner
- Fleksibel og med god arbeidskapasitet
- God til å bygge team rundt deg, få til samhandling i praksis
- Fagleg trygg og likar å ta ansvar
- Stabil, har god arbeidsmoral og er en rollemodell
- Ein person med godt humør
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode pensjons og forsikringsordninger
- Ein arbeidsplass med gode rammebetingelser og store moglegheiter for å bidra til utvikling av tenestene, arbeidsmiljø og kultur
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Engasjerte og gode kollegaer i leiargruppa
- Løn etter kvalifikasjoner
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e- post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.
Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. Austevoll kommune har ny eining under oppbygging i Bekkjarvik som vil fungere som avlastningsbustad med tre omsorgsbustader i tilknytning.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Lindevika 20, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Ledelse
- FINN-kode 357078016
- Sist endret
Lignende annonser
Fast stilling og vikariat som barne- og ungdomsarbeidar ved Storebø skule
Austevoll kommune
![Extra Storebø logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1327281980/iad_2121552250441324711coop_extra_logo.png)
![Austevoll opplæringskontor logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/19/3/357/802/333_ec9b51dd-6207-46e4-bfeb-3c2bf84d046d.png)
![Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/5/360/648/505_ce0c2812-23f1-4aff-8ad9-c67aba5a1b56.jpg)
![ECOsubsea AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/06/0/356/026/910_c69a8ddd-b9cc-4688-98e3-cc58f2385db4.png)
![Meso AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/0/359/899/770_e54f0d4e-273e-49ca-8298-15e80f4f322e.png)
![Helse Fonna HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/17/4/357/648/804_65321165-a5d8-4229-b158-61fd51d8c73d.jpg)