Inaktiv
Pedagogisk medarbeider skole og SFO
Bergen kommune
- Frist 26.7.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Er du den nye kvardagshelten på skulen vår?
Salhus skule er ein 1-7 skule som ligg i Salhus i Åsane bydel. Vi er nær både sjø og fjell, og har vår eigen skulehage der vi dyrkar alt frå solsikker til jordbær!
No treng vi ein ny kvardagshelt hos oss og håpar at DU vil bli vår nye kollega!
Vi er ein liten skule med rundt 100 elevar. Hos oss får du vera med å bidra til at kommande verdsborgarar opplever ein trygg og kjekk skulekvardag!
Satsingsområda våre er "Fysisk aktiv læring" og "Timen Livet".
Vi trenger ein pedagogisk medarbeidar i 100% vikariatstilling frå 1. oktober 2024.
Arbeidstidene vil kunne variere, men du må kunne opne SFO klokka 07.30 og tidvis stenge klokka 16.30.
Arbeidsoppgaver
- Uteskule er ein del av skulekvardagen, du må kunne delta aktivt og ferdast i ulendt terreng.
- Planlegga og leie aktiviteter og leik på SFO.
- Skapa gode augeblikk for store og små.
- Delta aktivt i symjeopplæringa.
- Reflektere, vurdere og evaluere arbeidet i samarbeid med resten av personalet.
- Følge opp faste rutinar og reglar.
- Bidra til et godt foreldresamarbeid.
- Skulen er ein del av den nasjonale satsinga på Fysisk Aktiv Læring (FAL)
Kvalifikasjoner
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er å føretrekke, men personlege eigenskapar og/eller relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande - eller anna utdanning.
- Det er krav om gyldig politiattest.
- Kunne arbeide med barn som har utfordringar og som utfordrar.
- Beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Løysningsorientert og strukturert.
- Helse som er foreinleg med å jobbe i skule og SFO med aktive barn både inne og ute i naturen.
- I periodar vil ein ha ansvar for enkeltelevar med behov for spesialpedagogisk støtte.
- Samarbeide med føresette, pedagogisk personale og andre yrkesgrupper.
Personlige egenskaper
- Du er stabil, trygg på deg sjølv samt eigne grenser.
- Du er ein inkluderande kollega.
- Du spelar andre rundt deg god.
- Du likar å samarbeide med barns beste i fokus.
- Du likar å leike både ute og inne, uansett vær!
- Du har eit varmt hjarte og kaldt hovud i møte med små og store.
- Du trivst med ein aktiv kvardag.
- Er leken og positiv.
- Er ei god støtte og stillas for barna.
- Omsorgsfull.
- Har gode samarbeidseigenskapar.
- Er fleksibel, endringsvillig og løysningsorientert.
- Vise omsorg for kvart enkelt barn.
- Ta initiativ til å delta aktivt i barnas aktiviteter og lek.
Personleg eigenskap vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn og kommunale forsikringar etter gjeldande avtaleverk.
- Eit godt arbeidsmiljø og inkluderande kollegaer.
- Gode moglegheiter for personleg utvikling.
- Viktig og meiningsfullt arbeid, der ein får brukt kompetansen sin kvar dag.
- Vegleiing og tett oppfølging.
- Lønn etter avtaleverket.
Om arbeidsgiveren
Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vikavegen 30, 5107 Salhus
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Skoleassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 357186846
- Sist endret