![Kvinnherad kommune Brann og redning logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/14/9/357/199/869_163e7bda-3419-4689-af41-8fe5a2ebc9d5.png)
Avdelingsleiar beredskap - Kvinnherad brann og redning
Kvinnherad kommune Brann og redning
Kvinnherad kommune Sektor teknikk og miljø
Vi søkjer leiar for Brann og redning. Du må ha leiareigenskapar og evne til å forstå og handla i tråd med brann- og redningstenesta sine behov og mål.
Omtale av stillinga
Som leiar for eininga vil du få ei rekkje spennande leiarutfordringar både på strategisk og operativt nivå, du får høve til å leie eit fagleg sterkt miljø, samarbeida på tvers av naudetatar og ikkje minst vere med å skapa eit brannvesen med stoltheit og tryggleik for kommunen sine innbyggjarar.
Stillinga har fagansvar, personalansvar og økonomisk ansvar for heile eininga. Ansvaret omfattar administrasjon og leiing av beredskapsarbeid og førebyggande arbeid. I tillegg til primæroppgåvene i Brann- og eksplosjonsvernloven § 11, har Brann og Redning ansvaret for beredskap ved akutt forureining. Leiar for brann og redning deltek i kommunal kriseleiing. Leiar inngår også i overordna vaktordning. Det er krav om bustad i kommunen for å ivareta krava til oppmøtetid. Dette er i tråd med vedteken brannordning.
Oppmøteplass vil vera Husnes brannstasjon.
Kvalifikasjonar - Fagleg og personleg:
Sentrale oppgåver:
Vi ser etter deg som er/har:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Det er ønskjeleg at søkjar opplyser om referansar som kan kontaktast.
Vi tilbyr
Søknaden vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attestar tek ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verta offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jfr. Offentleglova §25. Du vil verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Søknadsfrist: 7. august 2024
Kontaktperson:
Sigbjørn Øye, sektorleiar Teknikk og miljø,
tlf:915 31 482,
e-post:
Brannsjef, Leiar, Førebyggjande, Beredskap, forebyggende
Kvinnherad kommune Brann og redning
Eigersund kommune