![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2018/10/vertical-5/17/8/a81/88a/d0-/d1f/a-1/1e8/-8c/5e-/27d/e2c/722/f68_450336433.png)
Psykolog/ Psykologspesialist
Helse Bergen
- Frist 21.07.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Psykolog/ Psykologspesialist
Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. Den tverrfaglege bemanninga i seksjon Askøy består av russpesialist/overlege, LIS legar, psykologar, sosionomar, sjukepleiar/vernepleiar, musikkterapeut, aktivitetskoordinator og sekretær. Avdeling for rusmedisin er opptatt av å leggje til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.
Seksjon Askøy har 28 plassar for døgnbehandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Pasientane har ofte underliggjande psykiske, psykiatriske problemstillingar, kognitive og somatiske plagar som ikkje har blitt diagnostisert tidlegare på grunn av rusbruk. Vi kartlegg og diagnostiserer desse plagane for å finne ut kor pasientane vil få best hjelp. Målet er å leggje til rette for eit best mogleg og individuelt tilpassa behandlingsforløp for kvar pasient.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, utgreiing og behandling av rusavhengige, dette er ofte ROP tilstandar
- Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
- Deltaking i internt utviklingsarbeid, rettleiing og undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
- IA-bedrift
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haugane 6, 5307 Ask
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykolog, afr Askøy, psykologspesialist, rusmedisin, Avdeling for rusmedisin, askøy, AFR Askøy
- FINN-kode 357196891
- Sist endret
Lignende annonser
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![Solli DPS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/19/0/357/913/140_b43dc035-7d7b-49b0-b26b-f531c77ba1d2.jpg)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![EmmaSofia-klinikkene logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/4/vertical-0/30/6/316/662/616_5622a986-34bf-4647-96f1-f1105d3d94ac.png)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![Helse Fonna HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)
![Askøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/18/9/357/779/939_17f324b6-a2fa-4e07-8cac-00e182775b80.jpg)
![Askøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/19/1/357/777/511_6932e46a-0e76-4987-8c49-7cfec866178e.jpg)
![Helse Fonna HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)
![Solli DPS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/4/360/425/424_26bfa585-8dc4-4614-a11d-766eabb0b8a5.jpg)