![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/3/vertical-5/11/4/2b4/a3d/20-/df9/9-1/1ee/-a1/4e-/eda/aa0/545/7d4_1905171974.jpg)
MST Rettleiar
Bufetat
- Frist 31.07.2024
- Ansettelsesform Fast
MST Rettleiar psykolog
Barne-, ungdoms og familieetaten har eigne einingar som driv med Multisystemisk terapi (MST), som er ein tidsavgrensa, familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Terapeutane jobbar i heim, nærmiljø og skule med foreldre og ungdom, der ungdomen står i fare for å bli plassert utanfor heimen. MST er ein evidensbasert metode utvikla i USA, og implementering i Noreg leia av Nubu.
I region vest er det totalt 4 MST- team. Eit team består av fire terapeutar og ein rettleiar som er fagleg og administrativ leiar av teamet. Rettleiar er tilgjengeleg for terapeutane 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka. Tilgjengelegheit er regulert gjennom eigen avtale for MST-rettleiar, og er godt økonomisk kompensert. Stillinga inneber sjølvstendig arbeid, fleksibel arbeidstid og kontinuerleg fagleg utvikling gjennom vekentleg samarbeid med MST-konsulent og regelmessige fagseminar.
Bufetat region vest har ledig fast 100% stilling som rettleiar for MST team i Stavanger, for tiden i Statens hus.
Som rettleiar for MST team vil du ha både ei rettleiar oppgåve og ein avdelingsleiar rolle. Du rettleiar teamet ditt kvar veke og har også individuell oppfølging av terapeutane. Samtidig er du leiar og skal tilrettelegge for god og stabil drift av teamet.
Stillinga er plassert i eining med andre avdelingar med totalt 4 MST team og 2 RFT team i Bufetat region vest. Me arbeider med å utvikle leiarteamet i eininga. Du vil ha ansvar for å leie og utvikle 4 MST terapeutar. Arbeidsstaden er plassert sentralt i Stavanger. Nubu vil delta aktivt i ansettelsesprosessen.
Ei forutsetting for å bli tatt i betraktning er at du kan stille på ei vekes opplæring hos Nubu i Oslo i veke 38, 2024.
Arbeidsoppgåver
- Du vil få ansvar for å styrke og rettleie teamet ditt i tråd med MST sine prinsipp og kvalitetssikring.
- Du vil ha støtte frå NUBU og einingsleiar i arbeidet ditt.
- Du vil ha moglegheit til å påvirke arbeidskvardagen din i stor grad innan dei rammene som er gitt.
- Det forventast høg grad av tilgjengelegheit, noko som blir godt kompensert i eigen MST særavtale, p.t. ca. 300 000,- pr. år. Likevel vil det sjølvsagt vere mogleg å avtale fri og ha ein aktiv kvardag.
- Du vil òg ha personal og budsjettansvar for ditt team.
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter deg som er psykolog eller psykologspesialist.
- Har du mastergrad i helse og sosialfag eller tilsvarande klinisk vidareutdanning, med erfaring frå terapeutisk arbeid, vil vi også oppmoda deg om å søkje stillinga.
- Relevant vidareutdanning er blant anna familieterapi, åtferdsterapi og kognitiv terapi.
- Erfaring og bruk av kunnskap om det teoretiske grunnlaget metoden bygger på, dvs. systemteori, sosial læringsteori, kognitiv terapi.
- Særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er eit krav.
- Krav om å beherske engelsk godt, både skriftleg og munnleg.
- Det er ønskeleg med minimum 15 studiepoeng innan leiing og administrasjon.
- Relevant leiarerfaring er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Du har ønske om å arbeide systematisk og målretta.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du evner å prioritere og arbeide strukturert.
- Du har erfaring frå rettleiing.
- Du er imøtekommande og hyggeleg.
- For oss er det også særs viktig korleis du som person passar til jobben.
- Personlege eigenskapar vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. kr 624 500 - 845 900 pr. år (ltr 64-79). Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan løn vurderast. Eigen særavtale omhandlar kompensasjon for tilgjengelegheit.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Eining Åtferd høg.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Psykolog, Ledelse, Omsorg og sosialt arbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
MST, NUBU, Avdelingsleder, Barnevern, Psykolog
- FINN-kode 357221955
- Sist endret
Lignende annonser
![Helse Stavanger HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/265087467/iad_586723131589323030logo_helse_stavanger_norsk_positiv_windows.png)
![Helse Stavanger HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/265087467/iad_586723131589323030logo_helse_stavanger_norsk_positiv_windows.png)
![Tannhelse Rogaland logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/5/359/449/465_5a016fb1-20c0-4f88-b36b-2bb19e19cede.jpg)
Psykolog - ledig fast stilling som psykologspesialist-psykolog
Tannhelse Rogaland
![Helse Stavanger HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/265087467/iad_586723131589323030logo_helse_stavanger_norsk_positiv_windows.png)
![Axenon Norge AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/8/360/012/268_07098fee-acb3-4028-9678-0ddeab892915.png)
![Helse Stavanger HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/265087467/iad_586723131589323030logo_helse_stavanger_norsk_positiv_windows.png)
Vi søker psykolog/psykologspesialist til spennende stilling i familieavdelingen på Gauselskogen
Helse Stavanger HF
![Helse Stavanger HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/265087467/iad_586723131589323030logo_helse_stavanger_norsk_positiv_windows.png)
Miljøterapeuter til NY ungdomsavdeling - Vi trenger enda flere folk!
Frelsesarmeens barne- og familievern
![Helse Stavanger HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/265087467/iad_586723131589323030logo_helse_stavanger_norsk_positiv_windows.png)
Interesse for unge og rus? Spennende fast stilling i døgntilbud ved MO-Ung.
Helse Stavanger HF