90 000 kr
![Rhodes suitcase/stage kit elpiano](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2024/1/vertical-0/27/2/337/754/962_556537072.jpg)
Heilt og fint Fender Rhodes Mark I piano. Datert produsert 05.1975 (sjå bilete).
Seljast grunna for lite bruk. Kjøpt oktober 2023, og har under mitt eige kun verte brukt ca. 1 gong månadleg. Elles har Rhodes'en lege trygt pakka ned i dedikert instrumentlagar.
Kjende feil:
Nokon tonar i det høgaste registeret er litt svake.
A1 har sustain sjølv utan bruk av sustainpedal. Kjem av filten på tonen ikkje kjem langt nok opp til å dempa. Kan fint justerast/fiksast, men har ikkje teke meg tida til der sjølv.
Litt pitting på stavane, spesielt i midtregisteret.
Div. småskader på case’n, sjå bileta. Det verste er sprekken på eine kanten. Denne har ikkje vorte større sida eg kjøpte Rhodes’en sjølv, og case’n opplevast endå som robust.
Sustainpedal og elektronikk fungerer som det skal.
Elles er Rhodes’en heil, let fint, og absolutt brukbar!
Ta gjerne kontakt ved evnt. spørsmål!
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 1.7.2024, 11:05 ・ FINN-kode: 357409054