Rådgjevar friluftsliv
Sogndal kommune Anlegg og friluftsliv
- Frist 4.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar friluftsliv
Sogn friluftsråd søkjer rådgjevar friluftsliv
Vil du vere med å utvikle friluftslivstilbodet i Sogn?
Kva går jobben ut på?
Som rådgjevar friluftsliv i Sogn friluftsråd skal du jobbe med tilrettelegging for meir friluftsliv for alle, heile året. Dette vil du gjere gjennom ulike satsingar og prosjekt. Sentralt for stillinga vil vere å jobbe med statleg sikring av friluftslivsområder, utarbeide forvaltningsplanar og søke om midlar til tilrettelegging og andre praktiske tilretteleggingstiltak.
Kven er du?
Vi ser etter ein person som brenn for friluftslivet, og ynskjer å vere med på å forme allsidige og framtidsretta friluftstilbod i regionen. Du ser verdien friluftslivet har for folkehelse, trivnad og miljø. Du har gjerne erfaring med praktiske tilretteleggingstiltak i friluftslivet og kan vise til resultat.
Personlege eigenskapar og motivasjon for oppgåvene vil bli tillagt høg vekt.
Erfaring og kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis høgare utdanning innan relevante fagfelt
- Erfaring frå prosjektleiing og praktiske utviklingsprosjekt
- God munnleg og skrifteleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Evne til å oppnå mål og resultat
- Kunne kombinere arbeidsdagar på kontoret og ute i felt
- Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Praktiske ferdigheiter er eit føremon
Arbeidsoppgåver
- Utvikling, drift og forvaltning av friluftsområde
- Leie prosessar ved statleg sikring av friluftsområde
- Utarbeide forvaltningsplanar for friluftslivsområder
- Søke om finansiering til tilretteleggingstiltak
- Samarbeid med organisasjonar og frivillige
Arbeidsoppgåver kan over tid endre seg og nye arbeidsoppgåver kan tilkome.
Me kan tilby:
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Kontorstad innanfor friluftsrådet sitt nedslagsfelt
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
- Bransje: Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
friluftsliv, rådgjevar
- FINN-kode 357906033
- Sist endret