Bioingeniør
Helse Bergen
- Frist 19.07.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Bioingeniør
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri, immunhematologi og celleterapi. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervisning. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189.
Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Stillinga er vaktstilling med turnusarbeid (dag, kveld, natt og helgar), 35.5 timer pr. veke.
Vi søker etter ein positiv, engasjert og dyktig medarbeidar til 100% vikariat som bioingeniør ved avdelinga. Vikariatet er ledig frå 01.08.2024 til 01.08.2025. Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss.
Arbeidsoppgåver
- Generelt delta i seksjonens daglege arbeid og fagleg utvikling
- Utføre immunhematologiske analysar
- Produksjon av blodprodukt, samt klargjering av blodprodukt til pasient
- Blodprøvetaking.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du kan arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert og fleksibel
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø, meistrar høgt tempo og liker varierte arbeidsoppgåver
- Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen du er tilknytta, og avdelinga for øvrig
- Du har høg arbeidsmoral, er punktleg og ansvarsbevisst
- Kunne ta eigne avgjerder, då det er vakter med ein person
- Kunne arbeide etter avdelingas kvalitetsmål
Vi tilbyr
- Gode opplæringsprogram
- Faglege utfordringar
- Varierte oppgåver
- Eit triveleg arbeidsmiljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bioingeniør, Laboratorie, sykehus, immunologi, transfusjonsmedisin, vikariat
- FINN-kode 358044522
- Sist endret