Er du Voss herad sin nye lærar?
Voss herad Felleslysing grunnskule
- Frist 01.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Me tilbyr gode vilkår og gratis årskort på ski eller i Vossabadet
- Bli ein del av laget i vossaskulen
Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden.
Voss herad tilbyr:
- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for dei som har grunnskulelærarutdanning (GLU) 1-7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
- Fast stilling i Voss herad.
- Kontaktlærartillegg frå kr. 32 000 til kr. 38 000 per år
- God ordning for etter- og vidareutdanning
- Gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- Gode kollegaer og eit positivt miljø
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Tilsettingsprosess
- Dette er ei felles lysing for alle skulane i heradet.
- Tenestestad kan og vil variera, men du vert fast tilsett i Voss herad.
- Dersom du søkjer på ein spesifikk skule ber me deg om å skrive dette i søknaden din.
Arbeidsoppgåver:
- Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
- Vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
- Samarbeida med føresette og andre faginstansar
Utdanning og kvalifikasjonar
- GLU 1-7 eller 5-10 og/eller kompetanse i basisfaga
- Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i tysk, matematikk og naturfag
- Det er ynskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av digitale læringsverktøy
Personlege eigenskapar
- Du har eit stort engasjement for elevane si læring
- Du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte
- Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
- Du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
- Du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Voss herad, 5700 Voss
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
Nøkkelord
undervisningsstilling, lærer, skule, oppvekst
- FINN-kode 358147852
- Sist endret
Lignende annonser
![Voss herad HR og Innovasjon logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/9/358/068/669_8009c9b0-9d58-4867-a934-ec3b0d49b92b.png)
![Toyota Norheimsund AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/1/vertical-0/15/0/336/264/190_1761763815.png)
![Mio BPA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/12/6/356/968/356_f5b462eb-9170-4076-a027-0c1b71b26982.png)
![Active Brands AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/17/2/357/647/622_87014e1d-2289-412e-a4fb-95ee4ccc1bc1.png)
![Clas Ohlson Norge logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/10/1/356/643/861_f7a60ede-2885-4d56-b73a-e76a73e141ee.png)
![Bjørklund Amfi Voss logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/15/1/357/302/111_42baa59a-26c7-4f34-870e-3ba78fcd0534.png)
Sprudlende og aktiv jente trenger deg som personlig assistent (BPA)
JAG Assistanse AS
![Voss Resort AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/24/9/358/576/389_c9a8a463-e349-4bc5-8fb4-f52fa3df10b5.jpg)