Psykolog (spesialist)
Helse Bergen
- Frist 10.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist/psykolog
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver på ein fagleg utfordrande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø? Er du ein engasjert psykolog/psykologspesialist med variert erfaring frå traumebehandling? Då kan du vere den kandidaten vi ser etter!
Vi har ledig fast stilling som psykologspesialist eller psykolog samt vikariat ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk som psykolog. Tiltreding etter nærare avtale. Vi oppmodar også søkarar som ønsker vikariat eller redusert stilling til å søke. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagt.
Allmennpoliklinikkane:
Allmennpoliklinikkane tilbyr langvarig og avgrensa individuell- og gruppeterapi til pasientar med allmennpsykiatriske problemstillingar. For denne stillinga er det ønskeleg at søkaren har interesse for, eller erfaring frå traumebehandling. For særleg eigna søkarar kan andre faglege bakgrunnar vere aktuelle. Poliklinikken er og skal vere oppdatert og framoverlent når det gjeld ny kunnskap og forsking. Vi har regelmessig rettleiing med eksterne spesialistar. Vi har eit fast fagmøte for arbeid kring pasientar med komplekse dissosiative tilstandar, for å sikre både tverrfaglegheit og støtte i arbeidet. Ved DPSet har vi også eit nyoppstarta MULI-team, som er eit samhandlingsteam for pasientar med hyppige akutte innleggingar.
Vi har brei kompetanse med rom for ulike terapeutiske fordjupingar: Vi har kompetanse innan kognitiv terapi, korttidsdynamiske og andre relasjonelt orienterte behandlingsformer, mentaliseringsbasert terapi, traumebehandling og EMDR, CBT-E for spiseforstyrringar, gruppebehandling og biologiske/medikamentelle behandlingsmetodar. Vi legg stor vekt på psykologspesialistane sine eigne ønskjer og mogelege rammer. Vi reknar det som viktig å vere både lydhør og fleksibel, og kan tilby konkurransedyktige vilkår.
Øyane DPS består av:
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk 1 og 2, med eige akutteam (AAT) og MBT-team
- Psykose døgnseksjon med 8 senger
- Allmenn døgnseksjon med 8 senger
- Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.
Øyane DPS er eitt av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken er lokalisert i naturskjønne omgjevnader på Straume i Øygarden kommune. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år. Kommunane er i vekst og me har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid. Øyane DPS ønsker å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar
- Spesialistfagleg ansvar
- Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar og eksterne samarbeidspartnarar
- Arbeid i tverrfagleg team
Kvalifikasjonar
- Spesialist i klinisk psykologi, evt erfarne psykologar er også aktuelle
- Norsk autorisasjon
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring med traumebehandling vektlegges
- Ønskeleg med erfaring med gruppebehandling
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
- Du liker å jobbe tverrfagleg internt på egen seksjon og med samarbeidspartnarar
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Personleg egnaheit vektlegges
Vi tilbyr
- Ein spennande stilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
- Moglegheit til å forme stillinga og arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og kompetanseheving
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Blombakkane 75, 5353 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykolog, psykologspesialist, psykiatri, Øyane DPS, psykosepoliklinikk
- FINN-kode 358171767
- Sist endret