Rådgiver/seniorrådgiver
Bufetat
- Frist 04.07.2024
- Ansettelsesform Engasjement
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Ved Eining for inntak, Bufetat, region Vest, avdeling Vestland, er det ledige 3 årsvikariat i 100% stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar frå snarast.
Hjå oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og videreutvikle kompetanse.
Eining for inntak Bufetat, region vest skal formidle statlege barneverntenester til kommunane i regionen. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonal inntak for rus og åtferdsplasseringer (NABE).
Pr. i dag er vi 21 ansatte i eininga.
Eininga har to likelydande avdelingar i Vestland og Stavanger.
Stillingane inneheld noko reiseverksemd innan eigen region og andre regionar. Sertifikat for bil er derfor nødvendig.
Eining for inntak Bufetat, region vest, avdeling Vestland held til i Solheimsgaten 11, 5058 Bergen i kontorfellesskap med andre einingar i Bufetat.
Arbeidsoppgåver
Kva vil arbeidsdagen din bestå av:
- Ved forespurnad frå kommuner, skal du gje råd, rettleiing og bistand i enkeltsaker, og i akuttsaker.
- Du skal ta i mot og saksbehandle tilvisingar om institusjonstiltak og spesialiserte fosterheim frå kommunen.
- Du skal gjere forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen sin tilvisning.
- Du skal dokumentere alle delar av arbeidet.
- Du skal sikre oppfølging av plasseringar i private tiltak.
- Du skal delta i samarbeidsmøter med andre eininger, kommunar og andre instanser.
Kvalifikasjoner
Kva slags bakgrunn har du?
- Krav til treårig utdanning fra universitet/høyskole frå bachelornivå innan barnevernsfag/sosialfag.
- Krav om erfaring frå barnevernsarbeid og kommunal barnevernteneste.
- Krav om kompetanse og erfaring om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet.
- Ønskeleg med videreutdanning innan barnevern/psykisk helse/rus/annen videreutdanning lik 60 studiepoeng.
- Du har svært god skriftleg og muntleg fremstillingsevne på norsk og gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
Kva ser vi etter?
- Du er sjølvstendig og trygg i di arbeidsutføring
- Du evnar å leie arbeidsprosessar og har høg grad av sjølvstende.
- Du har høg grad av arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
- Du er initiativrik og løysingsorientert.
- Du er ein lagspelar og har evne til å samarbeide.
- Du er god til å bidra i kontinuerlege endrings- og betringsprosessar.
- Du har godt humør og bidrar positivt i arbeidsmiljøet.
Det er svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Det vil bli lagt vekt på i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, p.t. kr 565 900 - 667 7000 pr. år (ltr. 58-68), eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. 624 500 - 708 000 pr.år (ltr.64 - 71).
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, mogligheit for tilbod om bustadslån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Informasjon til deg som søker
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidera med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiver. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utenom å velje ut riktige kandidater bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
Stillinga er p.t. lagt til Enhet for inntak Bufetat, region vest, avdeling Vestland.
Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følge.
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstorleik og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgiver, barnevern
- FINN-kode 358174626
- Sist endret