![Norconsult logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/11651824/iad_7915051263436024103logo_norconsult_png_black.png)
![Møre og Romsdal fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/6/vertical-0/24/8/358/582/338_5f8fb56b-4d5f-429b-8b0e-c62671cd94a6.jpg)
Distriktsutviklar
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 06.08.2024
- Ansettelsesform Engasjement
Distriktsutviklar
Brenn du for utvikling i distrikta? Har du erfaring frå prosessleiing eller planlegging? Då kan dette vere stillinga for deg!
Fylkeskommunen har fått midlar frå regjeringa til bistand og rettleiing til distriktskommunar. Vi lyser derfor ut ei 3-årig prosjektstilling som distriktsutvikler i Stab for strategi og styring, Seksjon for plan. Føremålet med stillinga er følgje opp eit utval distriktskommunar i Møre og Romsdal, hjelpe dei i arbeidet med strategisk samfunnsutvikling, bidra til kompetanseheving og koordinere og gjere tilgjengeleg ressursar for kommunane i deira utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie kommunane i strategisk samfunnsutvikling og følge opp framdrift i utviklingsprosessar
- Jamleg oppfølging av dei utvalde kommunane. Dette inneber å bruke ein del tid ute hos kommunane.
- Vurdere å kjøpe inn og styre ekstern kompetanse for å styrke kommunane sin utviklingskompetanse
- Sørge for at kunnskap blir delt med alle kommunane og internt i fylkeskommunen
- Samordne fylkeskommunen sin innsats i dei utvalde kommunane
- Ha oversikt over nasjonale og regionale tilskotspostar kommunen kan søke midlar frå og støtte dei i arbeidet med å skrive søknadar til desse
- Delta i regionale, nasjonale og internasjonale fora for å hente ny kunnskap om strategisk samfunnsutvikling og distriktsutvikling
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på master/hovudfagsnivå, fleire fagbakgrunnar kan vere aktuelle t.d. samfunnsvitar, planleggar, geograf, arkitekt, naturvitar
- Erfaring frå arbeid med tverrfagleg samfunnsutvikling og gjerne planarbeid
- Erfaring frå prosjektleiing og koordinering av andre sitt arbeid
- Har kunnskap om og gjerne erfaring frå kommunal sektor
Personlege eigenskapar
- Er positiv, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
- Er ansvarleg, engasjert og arbeider strukturert
- Er samfunnsinteressert
Vi tilbyr
- Trivelege kollegaer og eit tverrfagleg og utviklande arbeidsmiljø
- Interessante og kompetansegivande oppgåver, som m.a. gir god innsikt i ulike samfunnsområde og det politiske systemet
- God tilgang til faglege nettverk, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt
- Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på vekst og fagleg utvikling av leiarar og medarbeidarar
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til: Stabsavdelinga for strategi og styring (mrfylke.no)
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Planlegger, Samfunnsviter, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
distriktsutvikling, strategisk ledelse, samfunnsutvikling, planlegging
- FINN-kode 358582338
- Sist endret
Lignende annonser
![Norconsult logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/11651824/iad_7915051263436024103logo_norconsult_png_black.png)
![Norconsult logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/11651824/iad_7915051263436024103logo_norconsult_png_black.png)
![Norconsult logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/11651824/iad_7915051263436024103logo_norconsult_png_black.png)
![LO logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/8/359/744/248_50ce0c8d-8a7f-4c07-a5dd-2945c30625ee.png)
![Handelsbanken Norge logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1082941579/iad_3762439770123947588handelsbanken.png)
![Høgskolen i Molde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/9/359/027/949_dc5d97b6-112f-41a2-a8b6-8c5114ed929b.jpg)
![Høgskolen i Molde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/2/358/667/942_57d63883-d7bb-4580-b6bb-d3549e054ce3.png)
![Bunnpris Aukra logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/31/5/355/211/135_55296181-8e3c-4ecb-9302-f98b58310645.jpg)
![Motus Technology AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/6/358/141/246_510e9f82-bd39-4ca4-9497-7d1ed34dc62f.jpg)
![MOTUS TECHNOLOGY AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2022/10/vertical-0/10/7/276/539/117_1978005772.jpg)