Bildegalleri
![Herser du tomannsbustaden frå sør](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/6/vertical-0/25/9/358/669/269_9cf505c4-0bf4-4ab2-bb34-3170cec6c09a.jpg)
Lindevegen 21B
Stor bustad med garasje til sals nær sjukehuset, høgskulen og VCA i Volda sentrum
Lindevegen 21B, 6103 VoldaPris på lån: fra 27 804 kr/mnd
Lånekalkulator fra 27 804 kr/mndEff.rente 6,14 %. 4 326 000 o/25 år. Kostnad: 4 015 200 kr. Totalt 8 341 200 kr.
LånekalkulatorKort om prosjektet
Området ligg sydvendt og nært sjukehuset, butikk, høgskulen og VCA i Volda. Området vi skal bygge ut ligg i Røyslida i enden av Lindevegen. I tillegg til denne toman skal byggje fire einebustadar, tre av desse er selde. Her presenterer vi seksjon 2 i tomanns-bustaden.
Prosjektets status
Planlegging
Bustaden er nesten klar for overlevering
Salgsstart
25.06.2024
Byggestart
2023
Overtakelse
august eller september 2024
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Tomannsbolig
- Etasje
- 2
- Soverom
- 4
- Bruksareal
- 131 m²
- Energimerking
- B - Mørkegrønn
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Kunden som har kjøpt denne seksjonen ynskjer å kjøpe ein einebustad med oss i same feltet. Kunden har gjort store endringar både med elektrikar, rørleggar, kjøken og på utforming av huset m.a.
Dette er ein stor og moderne bustad med to opphaldssone med både stove og stor TV-stove, her er tre soverom, kjøken, terrasse med glasrekkverk, bad, bod, garasje med sportsbod. Stova har mønt himling noko som gir eindå bedre romfølelse.
Bustaden har moderne utforming med lyse overflater og god kvalitet på materialar. Kjøken- og baderomsinnreiinga er levert av Hygge Design AS i Volda. Du kan sjølvsagt gjere endringar på leveransen om du kjem tidle inn i prosessen.
Bustaden ligg i eit etablert bustadområde med sentral plassering. Det er gå avstand til sjukehus, barnehage, butikkar, busstopp, skule, høgskule, VCA, rekreasjonsområde og leikeplass m.m.
ENKEL SKILDRING AV LEVERANSEN
ENKEL SKILDRING
Ferdigstilling
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift av 2017, og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer og belysning er ikkje inkludert.
Utvendig overflate
Bordkledninga vert levert med to strøk beis (eitt strøk grunningsfarge, og eitt mellomstrøk). Her må de rekne med å male det siste strøket som eigeninnsats. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnert materiale og glasrekkverk.
Innreiing/måling
Innvendige veggar leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonit. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvitmalte. Veggar og golv på bad er flislagde. På vaskerom vert veggane Huntonit veggplater, og på golvet er der flis. På golvet i alle andre tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat. Det er bod bak garasjen, og det vil vere tilkomst opp til bustaden. I boda vert plassering av V.V.T. og balansert ventilasjon. Veggane i boda er kledde med Huntonit, og på golvet er det flis.
Kjøken, bad- og garderobeinnreiing
Kjøken- og baderomsinnreiing er av type Nordsjø, Riga grå, levert av Hygge Design AS. Kjøken- og baderomsinnreiing vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning. Det er levert med kvitevarer til bustaden inkludert integrert kjøleskap.
Røyrleggjararbeid
Det er gjort store endringar med rørlegger i forhold til standard. Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet er i h.h.t teikning. Det som er stipla er ikkje med i leveransen frå Mesterhus, men er stipla inn for å vise mogeleg plassering. Til kvar bustad er det med utvendig vasskrane.
Ventilasjon og Oppvarming
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmings-utgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. I tillegg har bustadane vedomn og stålpipe.
Elektriske installasjonar
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. Der er spottar i mange rom, der følger også med lamper til å henge opp div.plassar
Energiklasse
Våra hus er i energiklasse B. Enkelte bankar gir rimelegare lån med denne energiklassa, såkalla grønne lån.
Uteplass
Leilegheitene har stor og utvida terrasse mot aust. De må rekne med å plukke stein i molda før såing. Interne vegar vert levert med asfalt.
Beliggenhet
Mesterhus - Tømrer Prosjekt AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.