Psykologspesialist
Helse Fonna HF
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist/psykolog
Ved Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har vi ein ledig fast stilling som psykologspesialist/psykolog. TSB sikrar rask vurdering og psykisk helsehjelp til innbyggjarane. Vårt arbeid er prega av tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt. Sidan hausten 2020 har vårt ansvarsområde for LAR-pasientar utvida til også å omfatte LAR-utdeling for pasientar busette i Stord kommune. Teamet vårt er tverrfagleg og lokalt forankra, samansett av overlege, psykologspesialist, klinisk sosionom og psykiatriske sjukepleiarar.
Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. TSB er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, allmennpoliklinikk for vaksne, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi er inne i ei tid med fokus på utvikling av tilbodet ved Stord DPS. Vi ønskjer at våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vi legg til rette for vidare- og etterutdanning.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostikk og behandling.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Rettleiing til samarbeidspartnarar.
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging (rettleiing, undervisning,teamarbeid).
- Spesialistoppgaver, t.d. rettleiing av psykologar/ psykologar i spesialisering
Kvalifikasjonar
- Psykolog med fordjupning i klinisk vaksenpsykologi eller rus- og avhengighetspsykologi, eller psykolog som er i gang med slik fordjuping.
- Erfaring frå arbeid i DPS/ VOP
- Interesse for psykologifaget og utvikling av behandlingstilbod.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Personlege eigenskapar blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- bidra til eit godt arbeidsmiljø - som er høgt prioritert ved SDPS!
- er strukturert og med sterk gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Stillinga er dagstilling, 37,5 t/veke
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Fagleg og personleg utvikling.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykologspesialist, Tverrfagleg spesialisert rusbehandling
- FINN-kode 358790741
- Sist endret